Han presenterte i går sitt framlegg for endringar for sjukehusa i fylket.
- Dette vil klart styrkje lokalsjukehusa både i Lærdal og Nordfjordeid. Ikkje minst ved Lærdal sjukehus som til no har hatt eit svakt grunnlag for å kunne drive effektivt. Vi trur at vår modell vil styrkje drifta i Lærdal, og vi kan få ei eining som kan leve nokre år i tida framover.
Jordmorstyrt
Men for å styrke lokalsjukehusa vil Kapstad flytte det meste av aktiviteten ved sjukehuset i Florø til Nordfjordeid, Lærdal og Førde. I Florø blir berre hudpoliklinikk, vaksenpsykiatri og røntgen på dagtid att.
Fødeavdelinga i Lærdal blir gjort om til ei såkalla modifisert fødestove.
- Det vil seie at det er jordmorstyrt, men vi vil tilsetje gynekolog for å heve kvaliteten på tenesta. Når ein har fått erfaring I Lærdal, trur eg dei same endringane må skje på Nordfjordeid.
Oddmund Hoel
- Dramatisk
Men dette framlegget fell ikkje i god jord hjå Jostedalsaksjonen for fødeavdelinga i Lærdal, seier Oddmund Hoel. Han har ikkje tru på ei modifisert fødestove.
- Vi er svært skuffa. Det vil berre vere gynekolog til stades på dagtid. Det er eit dramatisk mykje dårlegare tilbod til indre sogningane.
- God helseteneste
I grunnlaget for Kapstad sitt framlegg ligg krav om innsparing på vel 50 millionar kroner. Nasjonale føringar og krav frå Helse Vest ligg og til grunn, seier Kapstad.
- Det argumentet eg har lagt vekt på, er å få ei god helseteneste for folk i Sogn og Fjordane fylke, seier Leif Kapstad.
Krev at Stortinget rydda opp
Framlegget til Kapstad går no til styret i Helse Førde onsdag, så på høyring, endeleg vedtak i Helse Førde i mai og i Helse Vest i juni. Gjennomføringa skjer i haust.
Oddmund Hoel seier Stortinget no må på bana for å redde fødeavdelinga i Lærdal.
- Det er Stortinget som har rota det til, og då er det stortingspolitikarane som må på bana for å rydde opp og seie at det skal vere akuttilbod, fødeavdelingar og lokalsjukehus på stader som Lærdal.