NRK Meny
Normal

- Latterleg av jordmødrene

Arne Jarnbert, overlege ved fødeavdelinga på Nordfjord Sjukehus, meiner det er latterleg at dei tilsette ikkje kan jobbe i jule- og nyårshelga.

Nordfjord sjukehus
Foto: NRK

Overlegen reagerer på at dei tilsette ved fødeavdelinga seier det er for seint å be dei jobbe i jula.

Kommunane i Nordfjord vil nemleg betale for at fødeavdelinga vert halden open også i jule- og nyårshelga. Men avdelingsjordmor Linda Grotle Hauge seier dette er umogeleg fordi turnusen alt er bestemt.

Provosert lege

Overlege Arne Jarnbert meiner det må vere råd å finne ei anna løysing. Han ferierer for tida i Sverige, men vart kraftig provosert då han las om jordmødrene si haldning på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane torsdag.

- Det er latterleg å tru at det ikkje skal vere mogeleg å få til ei løysing. Det er fem veker igjen til jul. Sjølvsagt er det råd å endre turnusen når det er så lang tid igjen, seier han.

- Reglane hindrar oss

- For å vere heilt ærleg synest eg dette er byrja å vere ein vanskeleg situasjon, seier avdelingsjordmor Linda Grotle Hauge.

Ho seier dei tilsette sjølvsagt ønskjer å ha ope i jula, men ho held fast på at dette ikkje er mogeleg.

- Det er kort tid igjen. Vi har alt byrja å gå i den turnusplanen som gjeld dei neste fire månadene. På grunn av reglane i arbeidslivet kan vi ikkje endre turnusen slik utan vidare.

Vil leige inn vikarbyrå

Viss dei tilsette ved avdelinga ikkje har høve til å jobbe på grunn av turnusreglane, har Jarnbert eit anna forslag.  

- Vi kan leige inn vikarbyrå. I tillegg stiller eg gjerne sjølv opp i denne perioden.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast