IT-konsulent Solfrid Helvik håpar Sogndal på denne måten vil førebygge uheldige hendingar i framtida.
- Det som er spesielt no er at det er mange unge som brukar Internett. På Dagbladet si Blink-side ligg profilar på ungar som er seks år, seier Helvik.
- Er du sexy?
Ho fortel at ho la ut ein profil på ei åtte år gammal jente frå Sogndal, og få minutt etter fekk ho svar frå ein 13 år gammal gut som lurte på om ho var sexy.
- Om han var 13 år veit ikkje eg, men det seier litt om kva ungane kan utsetje seg for. Ein åtteåring skjønnar ikkje at det kan vere ein eldre person som bak den profilen. Vi må forklare for ungane at alle er ikkje slik dei seier at dei er, seier ho.
Ungane kan ofte mest
IT-konsulent Solfrid Helvik i Sogndal kommune meiner det er viktig at foreldra set seg ned med borna ved PC-en.
- Det beste er å innrømme at ungane ofte kan meir enn foreldra på Internett. La ungane få lære foreldra, gå gjennom nettvettreglar og ungane må vite at dei kan gje beskjed viss dei har sett noko ikkje likar utan å vere redd for reaksjonane til foreldra, seier ho.
Dårleg samvit
Ein av foreldra som er på møtet på Trudvang skule får dårleg samvit av å høyre på Helvik. Han meiner han burde hatt mykje betre oversikt over kva borna bruker nettet til.
- Eg ser at det er så mykje ein må vere merksam på. Vi er berre nøydde til å setje oss ned saman med dei. Men det er ei utfordring, seier han.
Han seier at ein måte å få litt betre oversikt på, er å plassere datamaskinen i eit fellesrom og ha skjermen vendt ut i rommet.
Hindre overgrep
Foreldremøtet på Trudvang var det første av ei lang rekkje. Framover skal Solfrid Helvik treffe fleire foreldre. Ho håpar at betre kjennskap til nettvettreglar kan gjere ein skilnad.
- Så om ein eller fleire av desse foreldra går heim og fortel om nettvett, og vi kan hindre eit overgrep, så er der verkeleg verdt det, seier ho.