Hopp til innhold

- Kyrkjerådet braut mållova

Det skapte sterke reaksjonar då Kyrkjerådet berre sende ut informasjonsbrosjyre på bokmål til Kyrkjevalet.

Bibel

Illustrasjon

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Rådet får no på pukkelen frå Kultur- og kyrkjedepartementet, som meiner at Kyrkjerådet braut mållova.

- Klønete

Nynorsken har tradisjonelt hatt ei sterk stilling i kyrkja. Atle Bondevik, mangeårig medlem av soknerådet i Sogndal og framleis aktiv i kyrkjelyden, er mellom mange som er skuffa over at informasjonen ikkje kom på nynorsk.

- Det er klønete av Kyrkjerådet å ikkje tenkje på at vi har to offisielle skriftspråk i landet, seier han.

- Det er trist

Kultur- og kyrkjedepartementet legg vekt på at rådet lett kunne ha halde mållova ved å skrive ein del av brosjyra på nynorsk. I brevet stadfestar også departementet at Kyrkjerådet ikkje klarer å halde regelen om 25 prosent nynorsk i det totale informasjonsstilfanget sitt.

- Det er trist når mållova blir broten, og at kyrkja, som tidlegare har vore flink aktør på dette området, har gjort ein ganske slett jobb. Spesielt i høve informasjonen til kyrkjevalet, seier leiar i Norsk Mållag, Håvard Øvregård.

- Har teke for lett

Både Bondevik og Øvregård tykkjer fråveret av nynorsk vitnar om ei kyrkje som har teke for lett på nynorsken. Sistnemnde ventar at Kyrkja får nynorsken skikkeleg på plass att.

- Det er viktig at det ikkje blir ei bokmålskyrkje. Det skal vere den norske kyrkja, ei kyrkje for heile landet og ei kyrkje også for nynorskbrukarane, seier Øvregård.

- Skal gjere det vi kan

Direktør i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen, seier dei ved Kyrkjevalet både var i tidsnaud og tekniske komplikasjonar. Han seier at rådet skal gjere sitt for å få nok nynorsk i det totale informasjonstilfanget sitt.

- Vi vil gå gjennom våre rutinar for korleis vi handterar desse spørsmåla og vil gjere det vi kan for å oppfylle 25 prosentskravet. Nett på grunn av den kulturberande institusjonen som kyrkja er, seier han.