I staden valde partiet fjerdekandidaten Harry Mowatt til det viktige utvalet. Lefdal meiner dette er kvinnediskriminerande, og at det gir ein uheldig signaleffekt til kvinner som vil vere med i politikken.
Tor Bremer
- Går ikkje på kjønn
Det var ikkje fogderistrid eller kjønn som gjorde at Harry Mowatt fekk ein plass i fylkesutvalet. Det seier fylkesleiar Tor Bremer i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Bremer seier at begge er kvalifiserte til jobben, men at gruppa valde å satse på Harry Mowatt ut frå hans erfaring som ordførar.