Hopp til innhold

- Kvifor stogga dei meg ikkje på grensa, men 350 kilometer unna?

Fethi Cagiran (37) har stått stranda på kontrollstasjonen i Lærdal i snart ei veke. Sjølv skulle han ønske at han vart stogga på grensa i staden. – Kvifor fekk eg lov å køyre heilt hit?

Fethi Cagiran

OPPGITT: Fethi Gagiran har stått på kontrollstasjonen i Lærdal sidan sist veke. Han veit ikkje kor lenge han blir ståande før bota er betalt og han kan sette kursen heimover til Tyrkia.

Foto: Anna Gytri / NRK

Tyrkaren snører skjerfet godt rundt halsen. Utanfor Vegvesenet sin kontrollstasjon i Lærdal har han blitt ståande i lastebilen sin i snart ei veke. Kontrollørane her sette foten ned då dei fekk han inn på plassen sist torsdag.

Semitraileren hans var over 12 tonn for tung, bremsene var ikkje gode nok og han hadde sommardekk på 26 av 30 hjul. Før han skal reise må nokon andre hente lasta, og bøter på til saman nesten 70.000 kroner må betalast.

– Etter mi meining er den behandlinga, og straffa, eg har fått veldig ulogisk. Hadde dei stoppa meg på grensa og sagt dette ikkje var lov, hadde eg ikkje hatt dei store problema eg har no.

Kor tid han kan reise vidare veit han ingenting om.

– Du må tru må meg når eg seier det. Eg har ingen, ingen, peiling på kor tid dei hentar lasta eller kor tid bøtene er betalte, seier han.

Det gjer meg deppa

37-åringen frå Istanbul vil gjerne snakke om situasjonen han har kome opp i. Han legg ikkje skjul på at det har vore tøffe dagar sidan kom til Norge.

Dagane har gått treigt og det har blitt mange timar i førarhytta. Han vil likevel ikkje klage, og seier han har det varmt og at han har nok mat.

– Å stå i ro slik i fleire dagar, på ein plass, det passar meg ikkje.

– Det er ikkje mat som er problemet, men einsemda. Det å vere så isolert. Det gjer meg deppa, seier han.

Sjå, vegbana er heilt kvit

Lasta med to vinsjar skal til Bergensområdet har han køyrt dei fleire tusen kilometerane frå Tyrkia til Norge. Etter å ha kryssa grensa var turen kome til å krysse fjella mellom Austlandet og Vestlandet.

Først skal han ha prøvd seg over Hol-Aurland. Men der gjekk det gale, og etter at bilbergarane fekk han på rett kjøl måtte han stå tre dagar og vente på pengar til å betale for bergingsoppdraget. Med to kjettingar prøvde han seg på eit nytt fjell.

To dagar skal han ha brukt på strekninga Gol - Lærdal, ein tur som til vanleg tek kring to timar. Sjølv om det er vinterføre.

Noko god forklaring på kvifor det gjekk så lenge har han ikkje. På telefonen viser han fram ein video han filma på veg over Hemsedalsfjellet.

– Sjå, vegbana er heilt kvit, og eg køyrer bil, seier han og meiner dette er smått utruleg.

– Men i Norge er det vanleg at mange av vegane er kvite av snø om vinteren...?

– Det er ikkje berre i Norge det er vinter, slik er det i mange andre land også. Men der brøyter dei, seier Cagiran og meiner det ikkje blir gjort nok for å ha gode vintervegar her til lands.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fethi Cagiran har blitt ståande lenge på Håbakken

LENGE: Fethi Gagiran synest det er lange dagar på Håbakken. Han saknar nokon å prate med, og seier han blir deppa av einsemda.

Foto: Anna Gytri / NRK

Fekk bøter på nesten 70.000 kroner

Med to kjettingar kom han seg til slutt over fjellet. Men nokre kilometer etter at dei bratte bakkane flata ut, vart det full stogg. På Håbakken stod kontrollørane.

Lista over feil og manglar vart fort lang her. Fethi Gagiran hadde ikkje dispensasjon til å køyre tung last i Norge, og hadde heller aldri fått det fordi han har med seg to kolli. I Norge gir ein berre dispensasjon til eitt.

Ingeniør Dag Rykkje i Statens vegvesen seier feila dei avdekka samla sett var så grove at både førar og firma vart ansvarleggjorde.

– Det var ganske mykje defekt på bremsene. Tre hjul mangla totalbrems, ABS'en til tilhengaren var defekt og han hadde sommardekk på tilhengar og styrande hjul, fortalde Rykkje til NRK.no sist veke.

På norske vintervegar var vogntoget ikkje godt nok. Gagiran må betale 8.000 kroner for manglane, medan firmaet må punge ut med 59.500 kroner får bilen får køyre frå Lærdal.

Ingenting eg kan gjere

Nesten ei veke etterpå anar den 37-år gamle sjåføren lite og ingenting om kva som skjer vidare.

– Det er firmaet som skal betale begge bøtene. Om dei ikkje gjer det, så blir eg her.

– Kva seier sjefen din om kva som skjer?

– Han seier det kjem til å ta litt tid, og at eg berre må vente.

– Synest du det er greitt å vente?

– Nei, absolutt ikkje. Men det er ingenting eg kan gjere. Absolutt ingenting, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tyrkisk semitrailer stogga på Håbakken

VISSTE IKKJE: den 37 år gamle føraren var ikkje kjent med det norske regelverket, og vedgår at han og firmaet burde ha sjekka dette ut før han reiste til Norge.

Foto: Statens vegvesen

– Big problems

37-åringen fortel at han har jobba som lastebilsjåfør i ti år. I heimlandet køyrer han spesialtransport, med lass som er tunge, breie og lange. Då han lasta på dei to vinsjane og sette kursen for Norge hadde han aldri trudd at han skulle få problem.

– Ungarn er det landet som eg opplever som strengast, og der har eg aldri hatt problem. Så eg trudde aldri eg skulle få problem i Norge heller, seier tyrkaren.

Men problem har han altså fått. Og som han seier sjølv:

– Big problems.

Det blir jobba med å få på plass to lastebilar som kan ta over lasta hans, men ingen veit kor tid dei kjem til Lærdal. Kor lenge det går før firmaet i Tyrkia får betalt bøtene på til saman 67.500 kroner kan sjåføren heller ikkje svare på.

Kvifor fekk eg køyre vidare?

Han må berre vente. Og medan han ventar får han mykje tid til å tenkje. Ei veke etter at han vart stogga av Vegvesenet i Lærdal vedgår han at han er sint. Mykje av frustrasjonen går mot det norske tollvesenet.

– Kvifor stoppa tollvesenet meg på Svinesund og sa eg kunne få køyre vidare?

– Eg viste dei papira mine, og der står det at eg har to kolli. Men dei sa eg kunne køyre vidare, seier han og slår ut med armane.

Cagiran fortel at han har køyrt gjennom ei rekkje land i Europa, men at lasta ikkje har vore noko problem. Ikkje før han kom til Håbakken.

– Eg trur dei som jobbar her (Håbakken red. anm) gjer jobben sin.

– Men kvifor gjorde ikkje dei jobben på grensa, kvifor gjer dei den over 350 kilometer frå grensa?

(Artikkelen held fram under biletet)

Håbakken, Statens vegvesen sin kontrollstasjon i Lærdal

STOGGA HER: Det var her på Vegvesenet sin kontrollstasjon i Lærdal at turen fekk ein brå slutt for tyrkaren.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Kva gjer dei på grensa?

– Men har ikkje du og firmaet eit ansvar for å finne ut kva som er lov i Norge og ikkje?

– I mange av landa eg har vore, så har eg blitt gjort merksam på kva som er lov eller ikkje når eg kjem til grensa. Enten får eg sleppe inn, eller så blir eg avvist. Eg kan ikkje vite alle land sine reglar og lovverk.

– Styresmaktene må fortelje om det når ein kjem til grensa. Viss dei ikkje skal gjere oss merksame på reglane, kva gjer dei då på grensa, spør han.

50/50

Seinare vedgår han at han skulle ønske firmaet hadde sjekka ting ut betre.

– Kven si skuld er det at du står her no og ikkje får køyre vidare?

– Det er eit godt spørsmål. Firmaet har kanskje 50 prosent av ansvaret, dei burde ha ringt til den tyrkiske ambassaden og spurt om regelverket,

– Men dei siste 50 prosentane ligg hos norske styresmaktene. Dei burde fortelje dei som kjem til Norge om regelverket, på grensa.

Kan ikkje kontrollere alle

Wenche Fredriksen

IKKJE ALLE: Wenche Fredriksen i Tollvesenet seier dei ikkje har kapasitet til å kontrollere alle.

Foto: Tollvesenet

I løpet av eit døgn er det vel 1200 tunge køyrety som passerer over grensa på Svinesund. Kontorsjef for grensekontrollen her, Wenche Fredriksen, seier verken dei eller Vegvesenet har kapasitet til å kontrollere alle.

– Vi har daglege kontrollar, men vi har ikkje kapasitet på grensa til å kontrollere alle dei tunge bilane som kjem i løpet av eit døgn. Vi har daglege kontrollar og stoggar mange bilar, med både overlast og dårlege dekk, seier ho til NRK.no.

Tyrkaren som no står stranda i Lærdal er ein av dei som ikkje har blitt kontrollert på grensa. Tollvesenet og Vegvesenet held til på same område, men ingen av etatane hadde tyrkaren inne til ein nærare sjekk då han kom til landet.

– Alle bilar som kjem til Norge med last må køyre på raud sone og deklarere varene for tollvesenet, det har han gjort, men han har ikkje vore i kontroll, forklarar tollsjefen.

Det hadde blitt like dyrt

Om Fethi Cagiran hadde blitt stogga på grensa hadde også det blitt dyrt for han. Fredriksen seier bøtene hadde blitt like store som dei han no har fått i Lærdal.

– Hadde han blitt stogga på grensa, så hadde han fått same reaksjonen, men han hadde jo då sleppt å køyre på norske vegar og vere til fare for seg sjølv og andre trafikantar.

– Kan ein tenkje i etterkant at denne bilen og sjåføren burde vore stogga på grensa?

– Det er absolutt ønskjeleg at slike bilar som er farlege for andre trafikantar og for seg sjølv blir stogga på grensa, seier Fredriksen.

– No må eg berre sitje her

På Håbakken står Fethi Cagiran enno. Heller ikkje onsdag er bøtene betalte. Det har heller ikkje kome nokon for å hente lasta.

Cagiran får komme inn på kontrollstasjonen og koke seg kaffi, så går han ut for å ta seg ein røyk.

– Situasjonen eg har hamna i er uverdig.

– Om dei hadde sagt til meg på grensa at dette ikkje var lov, så hadde eg fått lasset over på andre bilar. Så kunne eg har reist heim og jobba.

– No må eg berre sitje her utan noko å gjere.

Fethi Cagiran

MYKJE TID: Fethi Gagiran veit ikkje kva han skal fylle dagane med. Han set stor pris på det når han får komme inn i kontrollbua og få varm kaffi.

Foto: Anna Gytri / NRK