Normal

- Kutt ut planleggingsdagane

Foreldre er lei av at barnehagane stengjer midt i veka for at dei tilsette skal kunne planlegge.

Barn leker

FEM DAGAR UTAN BARNEHAGE: Dei tilsette i barnehagane har rett på fem planleggingsdagar i året. Dermed står svært mange foreldre utan ein stad å ha borna sine medan dei er i arbeid.

Foto: Colourbox.com

- Når det er planleggingsdag i barnehagen må vi planlegge heime og, seier småbarnspappa Rudi Aalen.

Leikedag med pappa

Han har teke med seg tvillingane Vilde og Lene på leikerommet på Handelshuset i Førde. Ungane leikar seg på trampolina saman med fleire andre småungar.

Det er nemleg planleggingsdag i alle barnehagane i kommunen, og foreldrene trekk til den opne leikestua i hopetal

- Er det kjekt å vere her?

- Ja, seier tvillingane og ler.

- Er det kjekkare å vere her enn i barnehagen?

- Nei, det er kjekkare å vere i barnehagen, seier dei og held fram med å leike.

Går ut over foreldra

Kommunalsjef Helge Sæterdal og barnehagestyrar Åse Leknes

GJER IKKJE ENDRINGAR: Kommunalsjef Helge Sæterdal ( t.v) seier han forstår at foreldre kan få problem når barnehagane stengjer.

Foto: Ingvild Ryssdal / NRK

Men å ha leikedag med pappa er kjekt det og. Og titusenvis av foreldre må vere kreative når barnehagane stengjer dørene for planleggingsdagar.

- Det er ikkje like lett for folk som er i fast arbeid og jobbar frå åtte til fire. Då må dei jo ta seg fridagar når barnehagen stengjer. Det er litt kjedeleg, men det er jo berre slik det er, seier ei anna mor, Oddny Marie Sagerøy.

For det er mange verksemder som har kurs- og planleggingsdagar, utan at ein stengjer heile greia av den grunn.

- Bruk helgene og ettermiddagane

Småbarnsmor Kariann Fauske Loen spør seg om ein ikkje kunne gjort slikt i helgene.

- Dei kunne gjort arbeidet i ei helg eller på ettermiddagane eller noko slikt. Eg trur ikkje dei driv effektiv jobbing heile dagen. Dei vil nok kunne få unnagjort ein del jobb på ein kvel eller to, meiner ho.

For medan foreldrene og barnehagebarna vrimlar rundt på kjøpesenter, kafear og leikerom, sit fleire hundre barnehagetilsette samla på konferanse ein annan stad i byen.

For krevjande å flytte dagane

Arrangøren er Førde kommune, og kommunalsjef Helge Sæterdal seier det ville vore vanskeleg å samlast i helga.

- Det er ein del av arbeidstida til dei tilsette. Det kjem ein del spørsmål opp om vi legg planlegginga til helger. Vil dei arbeide overtid? Og det kostar jo ein del pengar, seier Sæterdal.

- Men mange andre held kurs og konferansar for sine tilsette utan å stengje heile butikken. Kvifor er det slik i barnehagane?

- Barnehagane og skulane har dei vidaaste formåla, forklarer skulesjefen.

(artikkelen held fram under)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Viktig fellesskap

- Men om bussjåførar skal på kurs, sluttar jo ikkje bussane å gå av den grunn?

- Det er rett. Ein kan setje inn vikarar. Men i barnehagen er fellesskap viktig, og dei tilsette skal arbeide i fellesskap og formidle dei same haldningane til ungane.

Likevel er det ikkje like greit å finne alternativ for ungane.

- Ein er avhengig av forståingsfulle sjefar. Ein må jo spørje seg fri og det er ikkje alltid like populært hos sjefane, seier småbarnsmora Fauske Loen.

Forstår situasjonen

Og kommunalsjefen skjønner det kan vere vanskeleg.

- Eg har forståelse for at det kan skape problem når vi stengjer barnehagane. Men slik er situasjonen. Det er fem planleggingsdagar i året i ein barnehage.

- Får foreldra det dei betaler for då?

- I Førde betaler foreldre for å 11 månader i barnehagen. Ei veke i året skal vere med på å gje kompetanseheving til dei tilsette og tre veker skal vere ferie for borna. Vil vi ha høg kompetanse i barnehagane må vi også investere den tida det tek.

Vegopning på Bergum i Førde kommune