Hopp til innhold

- Kutt mest på grunn av økonomi

- Dersom Helse Førde hadde kutta i ambulansetenesta i dag, hadde det vore mest på grunnlag av ein dårleg økonomisk situasjon, seier styreleiar Clara Øberg.

Styret utsette fredag ambulansekutta til sommaren, for å få framlegget ordentleg utgreidd.

- Det hadde vore økonomi, og vanskeleg å seie at det er fagleg vurdering som gjer at ein tek vekk ambulansen, seier Øberg.

Vedtaket betyr ikkje at ambulansen er freda. Ei arbeidsgruppe, samansett av representantar frå Helse Vest og Helse Førde, skal no sjå på tenesta. Øberg vedgår at situasjonen kring legevaktsamarbeidet i ytre Sogn og i Sunnfjord gjorde det vanskeleg å vedta ambulansekutta.

- Dersom du ser det i samanheng med at kommunane arbeider med felles legevaktsamarbeid, så treng dei den tryggleiksbasen som ambulansen er, seier Øberg.