NRK Meny
Normal

- Kroner og øre var ikkje viktigast

Rune Bolseth (29) hadde vald eliteseriespel uansett kva tilbod han hadde fått frå Sogndal.

Kaptein Rune Bolseth i kjent driv for Sogndal.

Kaptein Rune Bolseth i kjent driv for Sogndal. Her frå kvalifiseringskampen mot Aalesunds FK i 2008.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Eg hadde nok det. Tippeligaspel var det eg hadde lyst til, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Ville prøve seg

Tilhengarar av Sogndal Fotball har uttrykt misnøye med at kaptein Rune Bolseth ikkje fekk eit betre tilbod frå klubben. Avgjerda trekte ut i tid, men midtbanestrategen vil ikkje kommentere kva tilbod løn han går til, og kva til tilbod han fekk frå Sogndal. Kroner og øre var ikkje det som avgjorde overgangen til eliteserieklubben Hønefoss Ballklubb.

- Eg hadde vald det uansett. Tida var inne for å prøve noko nytt. Eg har fem år på rad med Sogndal i 1. divisjon og sa til meg sjølv i sommar at dersom det ikkje vart opprykk, så ville eg prøve andre stadar, seier han.

- Vanskeleg val

Sogndal klarde kvalifiseringsplass, men glapp i første kvalifiseringskamp borte mot Kongsvinger. Dermed vart det klart for sandensaren med over 400 kampar for Sogndal, derav nær 300 obligatoriske, at tida var inne for å skifte beite.

- Men det var eit vanskeleg val. Etter ti år her, så er ein godt etablert med hus og ungar. For min del var det no eller aldri, seier 29-åringen.

Møter dei beste att

Allereie neste veke vender han og familien nasen mot Hønefoss. Dei nye lagkameratane startar sesongoppkøyringa allereie måndag. Om Bolseth når første økt er førebels uvisst. Huset heime i Sogndal blir utleigd.

- No ser eg fram til å prøve meg mot dei beste igjen, seier han.

Utelukkar ikkje retur

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, takkar kapteinen for ein kjempeinnsats for klubben og ynskjer sandensaren hjarteleg velkommen attende til klubben - om sjansen skulle by seg.

- Det er vanskeleg å seie, men eg har trivast utruleg godt her. Ein veit aldri kva som skjer i fotballen, men kanskje blir eg å finne i Sogndal-trøya att. Ein får sjå kva som skjer. Uansett er det to år i Hønefoss som gjeld for min del, seier han.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy