NRK Meny
Normal

- Kroken på døra for næringslivet

- Å leggje ned flyplassen på Bringeland til fordel for Florø, vil bety kroken på døra for deler av næringslivet i ytre Sogn og Dalsfjordområdet.

Åtvaringa kjem frå næringslivet i området etter at advokat Anders Folkman tysdag gjekk ut og sa at sunnfjordingane må samle seg om ein skikkeleg flyplass i Florø.

- Det går veldig greitt å drive ei bedrift som vår frå Dale. Men ei firedobling av reiseavstanden til nærmaste flyplass vil vere bortimot ein katastrofe for oss, seier dagleg leiar i databedrifta Elis, Ove Myklebust.

Krev ny veg

Folkman har blese nytt liv i den gamle debatten om å leggje ned Førde lufthamn, Bringeland og samle seg om ein stor flyplass og få den inn på stamrutenettet. Denne flyplassen bør liggje i Florø som har best regularitet, meiner advokaten. Han peikar og på at køyretida mellom Førde og Florø er under ein time etter at den nye vegen kom.

Elis med sine vel 40 tilsette er ein av dei største brukarane av Bringeland. Myklebust er likevel er einig i at nye og betre vegar kan endre også flyplasssstrukturen, men på vilkår.

- Med bru over Dalsfjorden og vidare veg over Ålesundet til Florø ville vi fått ei veldig god løysing med flyplass i Florø. Men berre å flytte flyplassen frå Bringeland til Florø vil ikkje fungere for oss.

- Trudde debatten var slutt

Ordførar Kjartan Longva i Høyanger med Hydro og Fundo er like krystallklar. 

- For næringslivet vårt vil dette vere ei ulukke. Dessutan trudde eg at vi var ferdige med debatten om stamruteflyplass i Florø for mange år sidan.