Hopp til innhold

- Kroken på døra for besøkssenter

Riksantikvaren sitt nei til dagens planer for eit besøkssenter på Astrup-tunet i Jølster kan bety kroken på døra for heile prosjektet. Det seier ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal.

Gerd Dvergsdal

Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal

Foto: NRK

Riksantikvaren går mot det planlagde besøkssenteret fordi rasvollen rundt vil vere eit inngrep av ein slik skala at dei ikkje finn det akseptabelt.

Difor vert kommunen beden om å endre planane . Men det er lite truleg at det skjer seier Dvergsdal

- Eg trur at det ikkje blir noko nytt prosjekt med nye endringar av dei planane som er der. Då vi mottok denne meldinga i dag, trur eg det besøkssenteret som har vore jobba med blir lagt dødt.

- Kvifor vil de ikkje endre planane ?

- Det vert eit stort paradoks at ein skal i gang med eit nytt prosjekt med å grave seg inn i bakken, når vi i samarbeid med kulturetaten og fylket har funnet ut at det forslaget vi hadde var det beste.

Nybygget ved Astruptunet frå aust
Foto: Illustrasjon: Ly arkitekter

Skal handsamast av kommunestyret

Saka skal handsamast av politikarane i kommunen før endeleg vedtak vert gjort. Men ordføraren har ikkje noko tru på at kommunen kjem til å gå vidare med denne saka.

- Eg trur det blir vanskeleg å bruke noko meir tid på dette no. På eit eller anna tidspunkt må ein seie at vi må la dette her i beste fall kvile.