Hopp til innhold

- Krafta skal brukast i Årdal

- Krafta som vert produsert i Årdal, skal også brukast i Årdal. Det slo næringsminister Odd Eriksen fast då han kom til bygda i dag.

Plassjef i Hydro, Ove Bakke (f.v.), næringsminister Odd Eriksen og ordførar Arild Ingar Lægreid
Foto: Terje Gilleshammer/NRK

Dermed seier også regjeringa nei til Hydro sitt ønskje om å selje krafta som vert til overs når dei stengjer dei eldste omnane på verket.

Smått med lovnader

Det var ikkje rare lovnadene næringsminister Odd Eriksen hadde med seg då han kom til Årdal i ettermiddag. Det einaste han kunne love var at den billege konsesjonskrafta som vert produsert i bygda også skal brukast der.

- Vi skal sikre at krafta som vert produsert i Årdal blir brukt i Årdal, i samsvar med eksisterande avtalar. Det kan eg love folk i Årdal.

Det betyr at Årdal kommune kan lokke til seg bedrifter og nye arbeidsplassar med billeg straum.

- Gladmelding til Årdal

Varaordførar i Årdal, Andreas Bakken, er nøgd med Eriksen si presisering av kraftspørsmålet

- Dette er ei gladmelding. Men samstundes står det jo og i konsesjonsavtalen. Utifrå det som står der, er det ingen tvil, og slik sett er dette ikkje noko nytt. Det er Eriksen sjølv som har sådd tvil om saka. Men det er ei viktig presisering overfor Hydro, meiner Bakken.

Vil ikkje be om forlenga løyve

Eriksen sa og at det skal vere stor aluminiumsproduksjon i Årdal i framtida. Men han vil ikkje be Hydro leiinga søkje om forlenga utsleppsløyve, slik at dei eldste omnane også kan drivast vidare etter 1. januar 2007 når dei nye miljøkrava kjem. Årdal kommune har bede om dette for å få betre tid til å skaffe nye arbeidsplassar. 

- Eg merkar meg kva Statens Forureiningstilsyn har sagt, men det er Hydro som må fremje ein slik søknad, seier Eriksen.

135 arbeidsplassar vert borte når Hydro stengjer dei eldste omnane ved metallverket i løpet av året.