Då straffesaka etter dødsulukka i Stryn heldt fram torsdag, var det dei sakkunnige sin tur til å forklare seg.
Ned i 110 km/t
Sivilingeniør Arvid Aakre frå NTNU vart kontakta av forsvarar for å vurdere farten på bilen og korleis ulukka kan ha skjedd.
- Viss eg skulle gje mi vurdering, var farten i svingen før ulukka mest truleg rundt 130 km/t. Farten kan ha vore ned til 110 km/t og opp til 150 km/t, sa han under si forklaring.
- Det er 90-95 prosent sikkert at farten var mellom 110 og 150 km/t.
Bremsespora etter ulukka var 90 meter, og Aakre baserer utrekningane sine på bremsespora.
Fart er årsaka
Men Aakre er ikkje i tvil om at fart er årsaka til ulukka.
- Eg meiner at bilen har køyrt veldig fort etter forholda og at farten er årsak til ulukka.
- Mitt råd til retten er å akseptere usikkerheten om fart. Men farten var for stor etter forholda og den utløysande årsaka til ulukka, gjentok han.
- Dårleg kvalitet
I følgje tiltalen skal farten ha vore minst 131 km/t før dødsulukka. Aakre skuldar Statens vegvesen og Rekon for å ha gjort ein dårleg jobb.
- Dokumentasjonen av det som skjedde i form av bilete og skisser er av dårleg kvalitet, så det er vanskeleg å rekonstruere ulukka, sa han.
Aakre er også kritisk til vurderinga og oppmålinga til vitnet som meinte farten har vore mellom 160 og 200 km/t.
- Viss han tek ti prosent feil i avstand mellom seg og bilen, blir farten mellom 130 og 200 km/t, ikkje 160, sa han.
- Kan ikkje ha køyrt i 110
Erik Aanerud frå selskapet Rekon som analyserer trafikkulukker, har på oppdrag frå Statens vegvesen analysert farten på ulukkesbilen.
Han har konkludert med at farten var minst 131 km/t før starten av skrensen, dette føreset at sjåføren ikkje bremsa. Farten var 120 km/t når bilen køyrde ut av vegen. Men i følgje Aanerud har farten mest truleg vore høgare enn 131 km/t.
Aanreud er samd med Aakre i at registreringa av starten på bremsesporet kunne ha vore betre, men han meiner farten ikkje kan ha vore så låg som 110 km/t.
- Han ville aldri i verden fått ein så lang skrens med ein fart på 110 km/t. Svingen er veldig slakk og godt dosert, så ved 110 vil eg vurdere det sånn at ein vanleg sjåfør ikkje ville hatt noko problem med å køyre gjennom svingen, sa Aanerud.