Hopp til innhold

- Kostnadssprekk var hovudårsaka

– Kostnader ute av kontroll er hovudgrunnen til at Tall Ships Races gjekk 15 millionar i minus.

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det seier skatteadvokat Gunnar Bøyum i selskapet PriceWaterhouseCoopers.

– Viser noko anna

Kommuneleiinga har skulda på publikumssvikt som årsak til underskotet. Bøyum seier kommunen sin rekneskap viser noko anna.

- Slik desse tala framstår vil det vere feil å seie at det var manglande inntekter som gjorde til at dei fekk dette tapet på arrangementet. Det er nok meir korrekt å seie at det har vore større kostnader enn det som var rekna med.

Underskotet etter seglskutefestivalen Tall Ships Races i Måløy i fjor har så langt kome opp 15 millionar kroner. Rådmannen og ordføraren i Vågsøy har heile tida hevda at sviktande publikumsbesøk er hovudårsaka til det store underskotet.

Kraftig kostnadsoverskriding

Men skatteadvokat Gunnar Bøyum i selskapet PriceWaterhouseCoopers er usamd i dette. Etter å ha gått igjennom den førebelse rekneskapen frå arrangementet, er Bøyum klar på at kraftig kostnadsoverskriding er hovudårsaka til dei blodraude tala.

Kostnadene auka med 12 mill.

2008-budsjettet la opp til 21 millionar kroner i kostnader, medan dei samla utlegga så langt har kome opp i heile 33 millionar. Medan utgiftene altså sprakk med 12 millionar kroner, var inntektene berre tre millionar mindre enn budsjettert. Bøyum karakteriserer kostnadssprekken som stor.

– Kostnadssprekken er ganske stor i høve til det som var budsjettert i 2008. På eigne arrangment har det vore ein kostnadssprekk på ca. tre millionar kroner, men på inntektssida på eigne arrangementet har det vore ein reduksjon på ein million kroner.

– Elles er det ein stor kostnadssprekk på logistikk og parkering. Eg veit ikkje heilt kva som er inkludert i beløpet, men i høve til budsjettet er det ein sprekk på 1,2 millionar kroner.