- Konflikt øydeleggande for Sogndal

– I ein konflikt mellom supporterklubb og moderklubb er det berre éin vinnar - bortelaget.

Saftkokaradn
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det meiner styremedlem Vegar Hjermundrud i Norsk Supporterallianse.

Den langvarige konflikta mellom Sogndal Fotball og supporterklubben Saftkokaradn nådde eit høgdepunkt under cupoppgjeret mot Ålesund søndag, då Saftkokaradn hamna i høglytt krangel med andre supportarar.

LES: Høglytt krangel under cupkampen .

Isfront

– Partane bør setje seg ned og sjå om ein klarer å løyse konflikta. Om Saftkokaradn kjem med eit ynskje om det, skal vi sjå om vi kan stille som meklarar i denne saka, eller på nokon annan måte vere til nytte, fortel Hjermundrud.

For det er framleis isfront mellom Saftkokaradn og Sogndal Fotball etter at dei braut samarbeidet tidlegare i år. Usemje om bilettpris og skilje mellom heime- og bortesupportarar er hovudårsakene til brotet.

– Sogndal Fotball er hundre prosent ansvarleg for dette, meiner Geir Frode Lunden, leiar i Saftkokaradn.

Sogndal må ta ansvaret

Hjermundrud meiner óg at klubben må ta hovudansvaret for det som skjedde på cupkampen onsdag.

– Så vidt eg veit tok Saftkokaradn kontakt med Sogndal Fotball før kamp for å reservere eit felt på tribunane til seg og sine for at konflikter ikkje skulle oppstå, seier han.

Motivasjon

Han meiner at det bør tilretteleggjast for at både ståande og sitjande supportarar skal kunne vere til stade og nyte kampen.

– Over høgtalaranlegget fekk Saftkokaradn beskjed om å setje seg slik at dei bak kunne sjå kampen. Men det ignorerte dei. Din kommentar?

Det er vel eit resultat av dårleg dialog i forkant. Det å oppmode ståande supportarar over høgtalaranlegget om å setje seg, er sjeldan vellukka, seier Hjermundrud.

Han påpeikar at ein slik episode kanskje burde gi partane motivasjon om å bli samde, i staden for å ha ei konflikt i full offentligheit.

Tippeligaen kjem

Han oppmodar leiinga i Sogndal Fotball om å oversjå all personleg prestisje som måtte ligge i saka.

– Kom i dialog, og bli ferdig med det. Det er betre å leggje ting bak seg enn å ta det opp att på nytt når Tippeligaen kjem.Då er det betre ting å bruke ressursar på enn å krangle med eigne supportarar, oppmodar Hjermundrud.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.