NRK Meny
Normal

- Klokt av Reiten

Det var ei klok avgjersle av Eivind Reiten å trekkje seg som styreleiar i StatoilHydro. Det meiner styremedlem og tillitsvald i Hydro, Billy Fredagsvik.

Billy Fredagsvik.

Billy Fredagsvik

Foto: NRK

Reiten trekte seg etter sterk kritikk i samband med mistankane om ei stor korrupsjonssak i Libya.

Fredagsvik meiner det ville vere uakseptabelt at ein styreleiar skulle sitje inhabil i den viktigaste saka selskapet kjem til å ta føre seg framover.

Konsentrerer seg om aluminium

Reiten går tilbake til å berre vere konserndirektør i Hydro, noko som er positivt meiner Fredagsvik.

- Vi har mange spenstige prosjekt i aluminiumdivisjonen. Og når Reiten kan konsentrere seg om fullt og heilt om det, vil vi få ein større framgang, seier han.

 

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.