Hopp til innhold

- Klokt av ordføraren å orsake

Lærdalsordførar Arne Sanden vedgjekk torsdag at han har opptredd uakseptabelt overfor rådmann Bent Arild Grytten.

Arne Sanden

Ordførar Arne Sanden i Lærdal, her fotografert under årsmøtet i Lærdal Ap, bad i dag om orsaking for både konflikta med rådmannen og måten han handterte den på.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Det tykkjer eg er vakse gjort, og slik ein må kome vidare, seier fylkesmann Oddvar Flæte.

Burde lytta til råd

Orsakinga kom under eit kommunestyre i Lærdal, skriv Sogn Avis . Det har den siste veka vore sterk konflikt mellom ordførar Sanden og rådmann Grytten. Sanden skal mellom anna ha bede rådmannen seie opp stillinga.

- Eg ser i ettertid at eg burde ha lytta til dei råda som var gjeve meg i denne saka, sa ordføraren ifølgje avisa.

- Hadde ikkje fullmakt

Sanden vedgjekk at konflikten har påført både tilsette og innbyggjarar ekstra byrder og gjorde det klart at han forstår at det er kommunestyret som har ansvaret for rådmannen sitt tilsetjingsforhold.

- Og som ordførar hadde eg ikkje fullmakt til å be rådmannen om å vurdere stillinga si, sa Sanden ifølgje avisa.

Naudsynt orsaking

Fylkesmann Flæte har tidlegare teke initiativ til mekling mellom partane. Han seier orsakinga er viktig for å sikre vidare samarbeid mellom politikarane og administrasjonen i kommunen.

- Det er slik at når to partar blir rykande usamde, så må ein etterkvart kome fram til ein felles del. Ein ordførar og rådmann er sterkt knytt til kvarandre og må samarbeide og i alle fall finne ein måte å kome vidare på, seier Flæte og tykkjer det var naudsynt med ei orsaking for å komme vidare.

- Ein veg å gå

Sjølv om ordføraren i dag orsaka både konflikten og måten han sjølv har handtert den på, trur Flæte at partane har ein veg å gå. Men det utan eksterne meklarar.

- Slike konfliktar løysast alltid best i den kommunen som den oppstår. Det har vore mange kloke råd, både frå formannskap, kommunestyre og kollegaer der. Så dette trur eg dei får til, seier han.

NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med Arne Sanden, men han vil ikkje la seg intervjue.