Hopp til innhold

- Klarer å skaffe nok bankfolk

Sparebanken Sogn og Fjordane trur det skal gå greitt å rekruttere dei rundt 100 arbeidstakarane som trengst til nyetableringa Gjensidige Bank i Førde.

Det seier ei av dei som får jobben med å skaffe kompetent arbeidskraft. 

- Det kan verte krevjande. Men vi har tatt eit offensivt val og har ei offensiv haldning. Dette skal vi klare, seier organisasjonskonsulent, Janne Marie Solheimslid.

Frode Henden
Foto: NRK

Søkjarar har alt meldt seg

No er det ikkje slik at Gjensidige Bank skal ha 100 personar klare neste veke. Det er snakk om ei gradvis opptrapping med rundt 30 tilsette neste år. Og med den medieomtalen som etableringa har fått, har rekrutteringa fått ei flying start. E-postar frå interesserte søkarar tok alt onsdag til å strøyma inn. 

Ei gransking som Thomas Laudal og Jarleiv Hauge i Rogalandsforskning har gjort, handlar om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo og oppretting av nye institusjonar på mindre stader. Der viser det seg at sjølv om berre 12 prosent av dei tilsette følgjer med på flyttelasset, så går det ikkje lang tid før dei har rekruttert den arbeidskrafta dei treng, og på lengre sikt er det meir stabil arbeidskraft enn i Oslo.

Gode erfaringar hos Lotteritilsynet

Og sjølve stjerneeksempelet i granskinga er etableringa av Lotteritilsynet i Førde for seks år sidan. Det mangla ikkje på dystre spådommar om at det var for smått og vått i Førde for folk med høg kompetanse, fortel direktør Atle Hamar. 

- Det var ein del av diskusjonen. Men røynslene har vist at det ikkje vart noko problem. Viss du har noko å tilby, får du også gode folk. 

Og Hamar er svært oppglødd over at Gjensidige Bank no blir lagd til Førde.

- Det må vere noko av det mest spennande som har skjedd i arbeidsmarknaden her lokalt. Det å få eit så tungt finansmiljø er med på å løfte heile fylket.

- Attraktivt fylke

Fylkesarbeidssjef Frode Henden fortel om ein stram arbeidsmarknad for tida, men heller ikkje han trur Gjensidige Bank får problem med å få tak i dei folka dei treng.

- Med dei erfaringane vi har frå Lotteritilsynet, norge.no og trygdeetatens si økonomieining, så syner det seg at vi også er attraktive for såkalla akademisk arbeidskraft utanfrå fylket. Dette vil dei heilt sikkert klare.