Hopp til innhold

- Kjøp ikkje varmepumpe på nett

Er du blant dei mange som vurderer å bruke varmepumpe mot vinterkulden? Då bør du tenke deg godt om før du investerer.

Geir Iversen, Coop Extra

VER VARSAM: Rådet frå Geir Iversen er å ikkje hoppe ukritisk på tilsynelatande gode tilbod på varmepumper.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bransjen rår folk til ikkje å kjøpe varmepumpe via internett frå utlandet. Berre då er ein trygg på å få hjelp om det skulle oppstå problem med pumpa.

- Eg får sjølv faks ein gong i veka med tilbod om å kjøpe varmepumpe frå Sverige. Då har ein ikkje tryggleik for at den er konstruert for nordiske forhold. Det kan vere ei som heller skulle kjølt i Spania enn varme i Norge, seier Geir Iversen, varehussjef ved Coop Extra i Førde.

- Kjøp lokalt

Sjølv ville han aldri vurdert å ta desse varmepumpene inn i sin butikk. Men tilsynelatande gode tilbod på varmepumper som var best i test for fleire år sidan, kan vere forlokkande når kvikksølvet kryp langt under null. Og held seg der lenge.

Rådet å halde seg til kjende merke og forhandlarar som kan hjelpe deg når du treng.

- Mykje av problemet er knytt til installasjon og ikkje nødvendigvis pumpa, seier Sverre Inge Heimdal i Enova.

Stor pågang

- Vi meiner dei helst bør vende seg til folk som held til lokalt og som har både opplæring og erfaring med å installere desse systema, legg Heimdal til.

Med den kalde novembermånaden vi no er i ferd med å legge bak oss, er det mange som har tenkt tanken på å investere i varmepumper.

Mellom andre Arvid Slettehaug frå Naustdal. Sjølv om han satsar på vedfyring no, har tanken på ei varmepumpe freista.

- Eg vil nok halde fram med vedhogsten for trimmen sin del, men varmepumpa kjem, seier han.

- Fullt opp

Hos Iversen på Coop Extra er det allereie byrja å bli temmeleg utplukka.

- Folk hugsar vinteren i fjor og i år er det litt tidlegare ute. Vi klarer kanskje ikkje å montere fleire enn vi har ordrar på, seier han.