Hopp til innhold

- Kjenner ikkje til opphaldsløyve

Advokaten til Simon (10) og far hans kjenner ikkje til at dei to har opphaldsløyve i Italia, slik UDI hevdar.

Simon og faren Fkade Thaye

Advokaten til Simon og Fkade Thaye kjenner ikkje til at dei to har opphaldsløyve i Italia.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

- Førebels er det litt vanskeleg å kommentere det, før eg har fått gått igjennom dette med min klient, seier advokat Roland Kjeldahl som representerer Simon og Fkade Thaye.

- Har opphaldsløyve

Tysdag sa avdelingsdirektør i UDI Hanne Jendal til NRK at dei to har opphaldsløyve i Italia. Det er årsaka til at dei eritreiske flyktningane nok ein gang får avslag på asylsøknaden og blir sendt attende til Italia.

- Dei har søkt asyl i Italia og fått opphaldsløyve i Italia. Vi meiner at når dei kjem attende bør dei ta kontakt med italienske styresmakter slik at dei kan få hjelp til ein stad å bu, skulegong og eit stabilt og trygt liv, sa Jendal.

- Burde kome tidlegare

UDI vil i dag ikkje svare på når eller korleis dei fekk vite om opphaldsløyvet. Dei viser til taushetsplikta og fyrst i morgon vil dei Thaye og Kjeldahl avgjere om dei vil frigje UDI frå taushetsplikta.

- Dersom denne påstanden frå UDI er rett, så burde den kome fram allereie i første runde av saka, seier advokaten til Simon og Fkade Thaye, Roland Kjeldahl.

Begrepsforvirring

Leiar i aksjonsgruppa for Simon og far hans, Kåre Leif Hollevik, seier uvissa som vert skapt er eit utslag av begrepsforvirring.

Hollevik viser til at det er ei kjent sak at Fkade Thaye fekk eit såkalla "Gult papir" av italienske immigrasjonsstyresmakter. Dette er ei form for opphaldsløyve, men Hollevik meiner papiret har liten verdi så lenge dei må bu som uteliggarar i Italia.

Avventande

- Her må ein definere kva italienske styresmakter meiner opphald på humanitært grunnlag er for noko og kva opphald på humanitært grunnlag er i Norge. Her er det ei begrepsforvirring ute og går, seier Hollevik.

Også Thaye insisterer på at han heile tida har vore open om at han har eit såkalla "Gult papir" i Italia. Advokat Kjeldahl vil fram til han har hatt møte med Simon og far hans stille seg avventande til påstanden frå UDI.