Hopp til innhold

- Kjende til Terra-investeringane

Tidlegare NHO-direktør, Per Ytrehus, har vanskeleg for å tru at Bremanger-rådmannen ikkje orienterte om Terra-investeringane.

Terra
Foto: NRK

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, seier at han ikkje kjende til at pengane vart plassert i svært risikofulle obligasjonar. Dette stiller Ytrehus seg svært undrande til. han reagerer på at alt ansvar vert lagt på rådmannen i kommunen.

Solospel

- Det har komme pengar både inn og ut som følgje av desse transaksjonane. Då er det merkeleg at ikkje både politikarar og revisor har hatt føling med dette gjennom åra, seier Ytrehus.

- Vi fekk eit inntrykk av at dette var eit solospel frå rådmannen si side. Det fann eg underleg og fann grunn til å peike på det som eg opplever som realitet omkring delegeringsfullmakt. Ein rådmann kan ikkje ta seg til rette på den måten utan fullmakt. Dei fullmaktene blir gitt av kommunestyret i dette tilfelle, seier Ytrehus.

Avventar

Bremanger kommune skal ha investert kring 370 millionar kroner gjennom skandale-selskapet Terra Securities. Investeringane har så langt falle sterkt i verdi, noko som kan føre kommunen opp i eit kraftig økonomisk uføre.

Bremanger-ordføraren seier at han avventar fylkesmannen sitt vedtak i saka før han konkluderer med ansvarsforholdet.