Jarle Kvalheim hevda i går at han hadde diskutert korleis dette skulle gjerast med revisorane sine.
-Dette er eg slett ikkje kjend med, svarte revisoren kontant.
-Er du klar over at Kvalheim har sagt at han diskuterte dette med dykk, om korleis ein skulle selje fisk til under minstepris, spurde aktor.
-Nei, dette kjende eg ikkje til, sa revisoren like kontant.
-Korleis ville du reagert dersom du var blitt kjend med at OK Fish selde under minstepris, spurde aktor vidare.
-Det ville eg aldri godkjent.
Kvalheim vedgjekk i går at han hadde selt fisk til EU under minstepris, og sa at dette var noko alle i næringa gjorde.
Sølvberg var gjennom selskapet Firda Revisjon revisor for OK Fish Kvalheim frå 1990 til 1999, då han selde selskapet sitt. Men det var ein annan revisor i selskapet som hadde mest kontakt med Kvalheim og OK Fish, fortalde revisoren.