NRK Meny
Normal

- Kjem i konflikt med fuglelivet

- Utviding av vindmølleparken på Mehuken i Vågsøy kjem i stor konflikt med naturen og miljøet. Det er konklusjonen til Direktoratet for naturforvalting og Riksantikvaren.

Vindmøller på Mehuken.
Foto: Roald Levi Halsør

Det er Kvalheim kraft som ønskjer å utvide dagens vindmøllepark på Mehuken frå dagens fem til mellom 10 og 13 møller. Naturvernforbundet har gått imot. Det same har "Venner av Selja Kloster".

- Ny kunnskap

Direktoratet for Naturforvalting og Riksantikvaren har tidlegare meint at utvidinga ville føre til middels konflikt i høve til nasjonale miljømål, og med mindre justeringar kunne konfliktene reduserast ytterlegare. No ser dei det annleis.

- Det er mest omsynet til fuglelivet, og at området ligg midt i ei viktig trekkrute langs kysten som gjer at vi må seie frå om at her er stor konflikt i høve til naturverdiane, seier avdelingssjef Anders Iversen i Direkatoratet for naturforvalting.

- I samband med konsekvensutgreiinga har vi fått meir kunnskap om at dette området er svært viktig for ulike typar fuglar. Det gjeld nærleiken til sjøfuglkolonien på Einervarden og flokkar av hubro, vandrefalk og havørn i nærområdet. Og det er særleg kollisjonsrisikoen for desse viktige fugleartane som har gjort til at vi meiner konflikten er større enn det vi først konkluderte med.  

Lite erfaringar

Samstundes vedgår Iversen at det manglar kunnskap om kva innverknad vindmøller har på natur og dyreliv.

- Generelt har vi ikkje så mykje kunnskap om korleis vindmøller påverkar norske fugleartar i norsk natur. Vi byrjar å få noko kunnskap frå Smøla, men elles har vi lite kunnskap.

Heller ikkje erfaringar frå vindmøller i utlandet er direkte overførbare til norske forhold.

Held døra på gløtt

Konklusjonen og rådet til NVE er altså at 12-13 vindmøller på Mehuken betyr stor stor fare for fuglelivet spesielt, men dei held likevel opent for å revurdere synet sitt.

- Vi held løpande utkikk etter ny kunnskap, både når det gjeld korleis fuglane reagerer på vindmøllene og konkrete erfaringar frå alt utbygde vindmølleparkar, seier Iversen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser