NRK Meny
Normal

- Kjekt å vere nordfjording i Ålesund

Med 2010-sesongen fem serierunder gamal, tronar nordfjordingen Peter Orry Larsen øvst på tabelltoppen med Aalesunds FK.

Vålerengas Jarl André Storbæk i luftduell med Peter Orry Larsen.

Peter Orry Larsen i duell med Jarl André Storbæk (Vålerenga) i fjorårssesongen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Fjorårets cupmeister har teke eliteserien med storm i år, og 21-åringen har figurert i alle kampar så langt. Han vedgår at det er stas å vere nordfjording i Ålesund for tida.

- Heilt klart. Det er veldig deilig, gliser han.

- Litt skuffa

Midtbanespelaren med draktnummer 19 på ryggen, starta sesongen med ei kanonscoring mot Rosenborg i superfinalen . Sidan er det blitt 247 av 450 speleminutt i serien. Mot Børre Steenslids og Alexander Ødegaards Viking i helga vart det berre fire minutt som innbyttar.

LES OGSÅ: - Topp seks realistisk

- Eg føler eg har hatt ein god vinter, og kanskje litt skuffa over at eg ikkje har fått spelt meir. Men slik er fotballen. Det er berre å gjere så godt ein kan på treningane og satse på at sjansen kjem, seier han.

- Knalltøff kamp

Og legg til:

- Det er knalltøff kamp om plassen på laget. Men eg trur det er veldig bra at det er slik konkurranse og kanskje det som er årsaka til at vi har gjort det så bra som vi har gjort.

- Vi har vore heldige

Nordfjordingen er så langt NRK kan sjå den første serieleiaren frå Sogn og Fjordane, sidan Eirik Bakke og Brann henta "gullet hem" i 2007.

- Vi har hatt marginane med oss litt. Dei vi har spelt mot har ikkje hatt så stor uttelling. Dei har fått ein god del sjansar, men vi har vore heldige og klart å snu marginane med oss i staden for mot oss, meiner han.

P.S. Sogn og Fjordane er representert i begge endar av eliteserietabellen. Rune Bolseth frå Sandane spelar for tabelljumbo Hønefoss.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote