Hopp til innhold

- Katastrofe med russisk boikott

Fiskerinæringa i Måløy fryktar for arbeidsplassar og enorme tap dersom Russland stansar all import av norsk fisk.

Måløy hamn (arkivfoto)
Foto: NRK

Seint torsdag kveld kom sjokkmeldinga frå Fiskeridepartementet om at Russland trugar med å boikotte all norsk fisk frå 1. oktober. Grunnen skal vere funn av 75 falske veterinærsertifikat på norsk sjømat.  

- Tap av mange arbeidsplassar

Sildefiskar Stig Oldeide er ein av dei som vil merke følgjene dersom Russland gjer alvor av boikottrugsmålet. Russland er det suverent viktigaste mottakarlandet for det som blir kalla for havets sølv. Oldeide har nyleg gjort kystnotbåten Sildaskjær klar for fiske, for sesongen for fiske av sild er like rundt hjørnet. Men rett før dei skal til havs kom altså sjokkbeskjeden om at Russarane vil stanse all import av fisk frå 1. oktober, no fryktar han tap av mange arbeidsplassar.

- Det er ikkje berre her i Måløy, dette gjeld heile kysten frå Tromsø til Egersund.

 

Gunnar Domstein
Foto: NRK

- Voldsomt tilbakeslag

- Det er ein katastrofe for norsk sjømatnæring dersom Russland boikottar all norsk fisk, seier direktør Gunnar Domstein hjå fiskeeksportøren Domstein i Måløy. Slik vi tolkar pressemeldinga frå departementet vil dette omfatte all sjømat og alle handelsvegar inn til Russland, og det vil vere eit voldsomt tilbakeslag og ei stor uttfordring for norsk sjømatnæring, seier Gunnar Domstein.

- Berre biltransport?

Men førebels er Domstein og resten av næringa usikker på kva som eigentleg ligg i ultimatumet frå russarane om at Noreg må får orden på sertifiseringa. Han seier det gjekk fleire rykte om saka torsdag.

- Det har mellom anna gått rykte om at det omfattar biltransport og dei grensestasjonane der kontrollen blir gjennomførtog ikkje båttransport. Det har nok samanheng med det som har vore i media i det siste om forfalsking av fraktdokument i samband med den laksesaka som Noreg har køyrt mot Russland i ein periode.

Russland største sildemarknaden

Norsk lakseeksport har lenge levd med restriksjonar etter at russarane påstod at vår laks inneheld for mykje tungmetall, men no vil dei forby all sjømat, og er det rett, betyr det katastrofe, seier Domstein.

- For heile den pelagiske næringa så er det ein katastrofe, for Russland er den største sildemarknaden vår, og sildesesongen startar no i slutten av september. Blir det boikott blir det eit kjempetilbakeslag for heile den norske pelagiske industrien og flåten.

Håpar på diplomati

No avventar Domstein avklaring av kva som ligg i kravet frå Russland, og han ventar at tida fram til 1. oktober blir brukt godt av norske styresmakter.

- Vi har enno nokre dagar til å få avklart dette, så det blir vel sett i gang eit politisk diplomati mellom Noreg og Russland for å få avklart situasjonen.

- Kollaps for næringa

I eit hektisk salsmiljø hos fiskerieksportøren Coast Seafood i Måløy seier administrerande direktør Sverre Søraa at situasjonen kan bli svært vanskeleg for heile næringa og nærast katastrofal for eksporten av sild.

- Eit totalforbod inn til Russland vil bety ein kollaps for næringa. Eg ventar at dette blir teke til topps på statsministernivå, og der det blir utøvd press mot russarane for å få til ei løysing.