Hopp til innhold

- Kan verte rådyrt hos dyrlegen

Regjeringa vil overføra ansvaret for veterinærvaktene frå staten til kommunane.

- Det kan bli kostbart for bonden, seier kommuneveterinæren i Gaular, Helge Njøsen.

Njøsen seier at det er bonden som må betala heile kostnaden med ei vetrinærteneste.

- Går utover dyrehelsa

Han fryktar at bøndene kjem til å måtta setja dyrehelsa opp måt kva ei vetrinærvitjing vil kosta.

– Lat oss seia at du må køyra ein ti - femten mil kvar veg så byrjar dette å verta alvorleg mange timar på det eine besøket. Det vert jo himlande dyrt og då må jo dette bli ei vurderingssak for bonden. Skal eg verkeleg ringja til dyrlege og tapa mykje pengar på dette? han tek meir enn det dyret nær sagt er verd. Eller skal eg berre venta og sjå om dette går bra til i morgon tidleg?

- Stemmer ikkje

Statssekretær Ola T. Heggem i landbruks- og matdepartementet seier til Nationen at dette berre er skremsleargument. Han kan ikkje forstå at overgangen til kommunal veterinærvakt skal bli dyrare frå neste år enn det ho er i dag. Han fortel at kommunane vil få tilført omkring 12 millionar kroner i friske midlar. Desse skal stimulera veterinærar til å etablera praksis i utkantområda.

- Pengane forsvinn

Njøsen påstår at dette ikkje er tilfelle. Han trur dei pengane som kommunane i dag bruker på vetrinærtenester vert utskifte med desse 12 millionane.

– Det er rett og slett ikkje friske pengar som vert sett inn i systemet, seier han.

Njøsen grunngjev dette med at før reformen med mattilsynet kom i 2004, hadde kommunane, gjennom distriktsveterinærordninga, 20 millionar kroner til rådvelde til veterinærtenester. I tillegg brukte somme utkantkommunar 10 millionar kroner på slike tenester.

- Dårlegare tilbod

Regjeringa ynskjer ikkje berre flytta ansvaret over på kommunane, men også fjerne lovfestinga av den kliniske veterinærvakta. Njøsen fryktar at dette vil gå utover tilbodet til den enkelte husdyrhaldaren.

– Det skal ikkje vera manglande vetrinærteneste som stoppar folk frå å driva husdyrbruk i alle delar av landet, seier Njøsen.