Hopp til innhold

- Kan vere kroken på Fundo-døra

Høyangerordførar Kjartan Longva er lite nøgd med avgjerda til Innovasjon Norge om å ikkje selje Fundo Wheels til ei lokal eigargruppe.

Video nsps_upload_2009_2_5_18_41_38_122.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

I dag vart det kjent at ei kommunale selskap og tilsette vil kjøpe den konkursråka felgfabrikken i Høyanger. Men bod på 15 millionar kroner er avvist av Innovasjon Norge .

- Det dei i realiteten seier, er å stenge ned. Eg kan ikkje sjå at dei ikkje vil selje det. Det er ei sak. Men at dei ikkje vil leige det vekk, har eg vanskar med å forstå, seier ordføraren.

- Ikkje mogleg å finne investorar

Verksemda vart slått konkurs 12. januar , men drifta vart likevel vedteken å halde fram i regi av bustyret . Den 13. februar kan det derimot vere slutt for Fundo Wheels om ingen ynskjer å kjøpe det. I slutten av januar vart dei tilsette formelt sagde opp .

- Vi har hatt møte med Innovasjon Norge tidlegare og er for så vidt samde med at ein industriell investor ville vore ideelt. Men det er ikkje mogleg å finne ein industriell investor midt i ei finanskrise, som av alle ting skal investere i bil, seier Longva.

- Har andre

Høyangerordføraren seier kryptisk at dei har "andre å diskutere dette med en Innovasjon Norge og Akersgata" og fortel at den lokale eigargruppa ikkje har gjeve opp. Han fryktar at dersom vedtaket blir ståande, så er det kroken på døra for felgfabrikken.

- Det er ikkje ein einaste som vil kjøpe det per i dag, det blir stengt den 13. februar, 450 arbeidsplassar er vekke og Innovasjon Norge får ikkje dekt ei einaste krone av det dei har i pant, seier Longva.

- Avviser lokale eigarar

- Vi har berre tida og vegen å gå med dette. Dersom kundane ikkje får beskjed tett over helga om at her blir det drift, så er kundane vekke, held orføraren fram.

I følgje kredittsjef Nils Roald, avviser Innovasjon Norge alle førespurnadar frå den lokale eigargruppa.

- Vil ikkje forhandle

Nils Roald, kredittsjef i Innovasjon Norge.

Nils Roald, kredittsjef i Innovasjon Norge.

Foto: Børge Jomaas

Innovasjon Norge er ikkje viljuge til å opne for forhandlingar med eigargruppa. Det er heller ikkje interessant å leige ut verksemda.

- Ja, eg må seie det. Vi er ikkje forhandlingspartnar. Vi har heller ikkje signalisert ovanfor buet om at det er grunn for å bygge vidare på den plattformen som den lokale grupperinga står for, seier han.

Ikkje nok med høgare bod

I følgje Roald er det ikkje nok med eit høgare bod på verksemda.

- Det er fleire forhold som kjem inn i ei slik vurdering. Ein ting er storleiken på bodet, ein annan ting er substansen i eigarskapen, seier han. Roald meiner at den lokale eigargruppa ikkje er sterk nok til å sikre varig drift ved felgfabrikken.

- Utgangspunktet har heile tida vore at det trengst solid eigarskap for varig drift av verksemda, seier han. Kredittsjefen legg til at konkursbuet allereie vurderer å halde fram drifta utover fristen til 13. februar.