Arkivfoto NRK
- Nesten alle symjebassenga i landet er bygde med tilskot frå tippemidlane. I reglane for slik tildeling står det at kommunane ikkje har lov til å stenge symjehallane utan å ha fått dispensasjon frå departementet, seier Torsheim.
Har ikkje sett ting på plass
- Og der trur eg fleire regjeringar har sove i timen. Dei har ikkje sett ting på plass når dei har fått meldingar frå landsende til landsende om symjebasseng som blir stengde, seier rektor Jonas Helge Torsheim.
Arkivfoto NRK
Kjenner ikkje til søknader
Bjarte Solaas som sakshandsamar mellom anna søknader om tippemidlar ved fylkeskulturkontoret stadfestar at reglane er slik Torsheim seier. Men søknader om dispensasjon skal avgjerast av Kultudepartementet, og han kjenner difor ikkje til om slike søknader blir sende når hallar blir stengde.
Regjeringa har middelet
Jonas Helge Torsheim seier regjeringa gjennom desse reglane har dei middel som trengst for å presse kommunane til å halde symjehallane opne.