Hopp til innhold

- Kan ikkje tilgje han

Mora til camilla Myren fortalde om eit liv i kaos etter ulukka der dottera omkom.

Tone Lise Westervik Myren og Inge Atle Myren

Tone Lise Westervik Myren og Inge Atle Myren under rettssaka i Fjordane tingrett.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Torsdag fortalde Tone Lise Westervik Myren frå Loen om korleis ho har opplevd tida etter ulukka der dottera Camilla Myren omkom.

- Det har vore grusomt. Det har vore eit kaos, sa ho frå vitneboksen.

Redd for å vere åleine

- Du trur du kjenner kroppen ut og inn, men du føler du ikkje har kontroll over noko lenger. Eg har aldri vore mørkredd, husredd eller redd for å vere åleine, men no er eg redd for å vere heime åleine, sa ho, og fortalde at ho hadde vanskeleg for å konsentrere seg og sleit med minnet.

Begge foreldra fekk aktiv sjukmelding ei veke etter ulukka.

- Vi har gode arbeidskollegaer som tok seg av oss. Viss vi følte for det, kunne vi trekkje oss tilbake, sa ho.

Men ingen av dei klarer å venje seg til at den eldste dottera deira er vekke.

- Når telefonen ringer eller det kjem ein bil, så er det første som slår oss at det er Camilla, sa Tone Lise Westervik Myren. Ho skildra dottera som ei livleg jente som hadde lett for å komme i kontakt med andre.

- Vi hadde god kontakt med ho. Vi kunne ringe til kvarande kor tid som helst i helgane, og ho kunne spørje om vi kunne komme og hente ho.

Får ikkje tilgjeving

Tidlegare under rettssaka sa 19-åringen som køyrde ulukkesbilen, at han hadde prøvd å komme i kontakt med foreldra til Camilla Myren gjennom presten i Stryn, men han hadde ikkje fått noko svar.

Tone Lise Westervik Myren sa at ho og mannen hadde hatt nok med seg sjølve etter ulukka, men sa at det ville bli lettare å møte han etter tilståinga.

- Eg håpar han tek straffa si og prøver å gå vidare i livet sitt. Vi kan ikkje gjere noko meir. Tilgjeving frå oss det får han ikkje, sa ho.

- Eg nekta aldri

Tilståinga kom først då 19-åringen forklarte seg for retten tysdag .

På slutten av siste dag i retten sa 19-åringen at det hadde vore vanskeleg for han å komme med noko full tilståing sidan han ikkje hugsa noko frå ulukka.

- Eg har aldri nekta på at det var min bil og at det var eg som køyrde bilen då ulukka skjedde, sa han.

19-åringen viste til at han erkjente dei faktiske forholda i politiavhøyr 21. april. Han sa at han trudde familien til Camilla Myren hadde fått denne informasjonen gjennom bistandsadvokaten, og at dei fekk vite at det betydde det same som å komme med ei tilståing.

- Eg synest det er beklageleg at familien ikkje har fått den same forklaringa, sidan det har vore ei stor belastning for familien å ikkje vite kva eg ville seie i retten, sa 19-åringen.