Florørussen kopla det store engasjementet rundt asylsøkjaren Simon med lommemannsaka i russerevyen sin no på fredag.
- LES OGSÅ:
- Vil ikkje sensurere
Det meiner teatersjef Terje Lyngstad er usmakleg. Men han vil likevel ikkje at russen skal bli tvinga til å fjerne revynummeret sitt.
- Nei, prinsipielt skal ein ikkje det. Det må vere dei som set opp revyen som skal vurdere det, seier han.
Høgrepolitikar Jacob Nødseth såg sketsjen, og tykte florørussen gjekk over streken.
-Samanlinkninga er ganske drøy, seier han.
- LES OGSÅ:
-Usmakleg
Også Anita Østby,dagleg leiar ved Norsk revyfagleg Senter, meiner russen gjekk for langt og at dei må ta nummeret av revyplakaten.
- Å framstille lokale personar som pedofile i ein russerevy er direkte usmakeleg, seier ho.
Vil ikkje ha teaterpoliti
Lyngstad meiner derimot at dei som lagar eit revynummer må ta konsekvensen av det.
- Her skal det vere ei sjølvregulering. At nokon skal gå inn og seie at dei ikkje får seie eller vise det dei vil frå scena vert feil. Vi skal ikkje ha noko teaterpoliti.