Jan Knapstad bistandsadvokat Foto Torje Bjellaas NRK
Bistandsadvokaten fortalte om det saknet og sjokket som mor til Hedda, og faren og sambuar hans, har opplevd i samband med drapet.
Han viste også til kommunelegen som fortalte at heile bygda stod stille den dagen gravferda var. Han la vekt på at det var eit brutalt drap som gav sterke inntrykk og store lidingar for Hedda. For dei etterletne er dette eit tap dei aldri kan få erstatta, sa bistandsadvokaten.
267 000 i erstatning
Det vart lagt ned påstand om 120 000 kroner i erstatning til kvar av foreldra, og 27 000 kroner til bror til Hedda Karterudseter.
- Den summen vi har kome fram til er ein vesentleg reduksjon i høve til det ein først hadde tenkt, sa Knapstad.
- Men foreldra ville ikkje at det skulle bli ein diskusjon om økonomi, avslutta bistandsadvokaten.