Hopp til innhold

- Kaders skusla vekk sjansen

Barry Kader kom til Sogndal med ei lys fotballframtid. Tre år seinare er han på rømmen - med eit stadig meir og meir frynsete rykte.

Barry Kader
Foto: Arve Uglum / NRK

Med ein generelt svak fotballøkonomi, kan den tidlegare kapteinen på Elfenbeinskysten sitt U21-landslag ende opp som arbeidslaus - slik fleire tusen andre afrikanske fotballspelarar har gjort i Frankrike.

- Heile saka høyrest heilt håplaus ut, seier talentspeidar Stig Torbjørnsen i Rosenborg.

- Ekstremt dårleg situasjon

Torbjørnsen er truleg den nordmannen som kjenner afrikansk fotball best. Utan forvarsel, og løyve frå arbeidsgjevaren Sogndal, reiste 24-årige Kader til Frankrike før cupkampen mot Smørås 10. mai . Truleg har ein agent lokka Kader med prøvespel i franske Brest. Slikt kan ikkje finne stad utan Sogndal sitt samtykke.

- Dette er ei sak der ein spelar reiser frå jobben sin og drøymer om jobb i ein større liga. Men både vurderinga å gjere det, og tidspunktet høyrest håplaust ut, seier Stig Torbjørnsen og meiner Kader ikkje berre sett seg sjølv i ein dårleg, men ekstrem dårleg, situasjon.

- Ekstremt dårleg situasjon

Kader kan returnere til Sogndal og bli der til kontrakten går ut etter sesongen og prøve å finne seg ny klubb. Eller han kan bli i utlandet til kontrakten går ut. Det siste alternativet, meiner Torbjørnsen er lite aktuelt.

- Han kan gå attende til det ha hadde, eller ikkje hadde, attende til Afrika og tjene 2 000 kroner i månaden på fotball. Men poenget er jo at det er det dei aller, aller fleste vil vekk frå for å tjene meir. Han hadde denne moglegheita, men har skusla den vekk, meiner han.

- Har kontakt

Sogndal har jamleg kontakt med Kader, men kva som skjer er heilt i det blå. Klubben trur Kader innser at han gjorde eit svært uklokt val.

- Vi får ulike beskjedar kvar dag. Det er litt vanskeleg akkurat no, seier trenar Karl Oskar Emberland. Sogndal har fått beskjed om at han vitjar ei tante i Paris.

Meiner seg feil brukt

Det er også uvisst kvifor Kader reiste. Kjetil Sønnesyn var andrelagstrenar då Kader kom til Sogndal. Han trur måten 24-åringen vart brukt på medverka til at han reiste. Emberland er usamd.

- Eg trur det går meir på at kompisar og tidlegare landslagskameratar spelar på meir profilerte klubbar i høgare ligaer. Då skal han også gjere det, seier han.

Tykkjer synd i Kader

- Det er rett at han kom hit som sentral midtbane. Men utifrå den måten vi spelar på, hans fysiske føresetnad, for laget og hans eiga utvikling, så ynskte vi å utnytte den ekstreme farten hans dei første fem ti meterane. og den er eksepsjonell. Det er ein viktig faktor å spele kant med, seier Emberland.

Sønnesyn tykkjer synd i Kader og vonar at folk kring seg som tek seg av han.