Hopp til innhold

- Jon Bolstad må sparkast

Rolf Nesheim, fylkestingsrepresentant for Venstre, meiner Helse Førde må kvitte seg med Jon Bolstad som sjef.

Rolf Nesheim

- Eg tenkjer spesielt på Jon Bolstad sine trugsmål overfor sjukepleiar Toril Sørland. Etter mitt syn har styret i Helse Førde berre ein ting å gjere, dersom dei vil ha ro i helseføretaket, nemleg å kvitte seg med administrerande direktør, seier den tidlegare fylkesleiaren i Venstre til Fjordabladet.

 Sørland påstår ho vart truga med sparken av Bolstad etter at ho skreiv eit avisinnlegg. Bolstad har på si side nekta for at dette er tilfelle. Men uansett kva som er sant, har saka i alle fall fått Rolf Nesheim til å reagere.

- Det er eit alvorleg åtak på ytringsfridomen når administrerande direktør Jon Bolstad set fram trugsmål mot tilsette som nyttar sine soleklare rett til å uttale seg om eigen organisasjon, meiner Nesheim.

- Lite tillit til styret

Han meiner situasjonen no er så ille at det står mellom styret sitt truverde og tillit frå eigne innbyggjarar og Jon Bolstad si framtid som øvste leiar.

- Styret i Helse Førde har no så lite tillit blant innbyggjarane at einaste måten å gjenopprette denne på er å kvitte seg med dagens administrerande direktør, meiner Nesheim.