Hopp til innhold

- Jerven drep sau for fote

Jerven herjar i Leikanger. No byrjar også sauetapa å melde seg i Fjærland, Aurland og Lærdal.

Video nsps_upload_2009_9_21_18_11_27_2143.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fleire sauebønder i Sogn finn no titals sau drepne av jerv. Verst er det på Leikanger, der enkelte bønder har funne 40 kadaver.

- Det er ikkje noko særleg å finne att sauene dine blodige og med knekt nakke, seier Roald Lunde i Grinde sankelag.

Manglar 50 lam

Men sauetapa melder seg også andre stadar i Sogn. Glopparen Frode Fjellestad har 600 sauer i Fjærland. Den siste månaden har det forsvunne mange lam.

- Statusen er at vi manglar kring 50 lam som vi ikkje reknar med å få heim. Sauer som vi i midten av august såg med eitt eller to lam, har kome heim med berre eitt eller ingen lam, seier han.

Dobla tapstal

Tidlegare har Grinde sankelag hatt sauetap på mellom fem og sju prosent. I år fryktar dei at tala kan doble seg. Både Fjellestad og Lunde fortel at dei aldri tidlegare har opplevd slike tap.

- Det er 20. året vi har sauer i Lidal. Etter det vi kjenner til så har vi ikkje tapt så mykje dyr på grunn av jerv. Tapstala i år viser at det tydeleg er noko heilt unormalt. Vi reknar med det er jerven som har forsynt seg grovt, seier Fjellestad.

Sauetap som venta

Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn fortel at tapstala er byrja å melde seg også i Aurland og Lærdal. I Luster og Årdal vart det skote fleire jervar i fjor vår. Her er det små tap av sau så langt i år. Golf meiner dermed at det ligg an til eit normalår for sauetap i Sogn.

- Om ein ser vekk ifrå Leikanger, som forsåvidt er eit nytt område registrert i år, så er det omlag som venta med tanke på at ein har jerv i fjella, seier Golf.

Vurderer helikopter

Fram mot 15. februar er det lisensjakt på seks jervar i region 1. Golf seier at det vert fortløpande vurdert å sette inn helikopter i jervejakta.

I fjor vart det på landsbasis gjeve erstatning for tre av fem sauer som bønder meinte var drepne av jerv.