Hopp til innhold

- Jervejakt er ikkje vanleg jakt

Direktoratet for Naturforvaltning reagerer på samanlikninga mellom jerveuttak og vanleg jakt.

Avliva jervetispe og to ungar
Foto: SNO Aurland

- Dette er ikkje jakt i ordinær forstand. Her er det snakk om ei ekstraordinær felling som blir gjort i heilt spesielle tilfelle. Her har vi gitt skadefellingsløyve fordi vi vil hindre framtidig skade på beitesau i området, seier Knut Morten Vangen, seniorrådgjevar i Direktoratet for Naturforvaltning.

- Men i vanleg jaktetikk ligg det eit vern av dyra. Har ikkje freda rovvilt rett på det same etiske vernet som rein, hjort og rype?

- Det kan du seie, og vi er opptekne av at dette skal gjerast på forsvarleg måte. Vi er også fullt kjende med at dette er eit kontroversielt verkemiddel, seier Vangen.

Generalsekretær i Verdens Naturfond (WWF) i Norge, Rasmus Hansson, meiner hijakta på jerv bryt fullstendig med alle etiske normer som blir brukt i anna jakt. Både fordi det blir drepe ungar som framleis er avhengige av mora, og fordi det skjer i sjølve hiet.

Les og diskuter: - Som å tråkke eggerøre i rypereir

- Difor blir det berre brukt i spesielle tilfelle. Gitt dei retningslinjene Stortinget har i forhold til kor mange ynglande jerv ein skal ha i dei ulike reigonane ser vi på dette som eit nødvendig verkemiddel, seier Vangen.

- Mange meiningar om hiuttak


Vangen vedgår langt på veg at hijakta er omdiskutert, også internt i direktoratet.

- Det er mange meiningar om hiuttak som verkemiddel på mange stader. Men dette er eit verkemiddel som er tilgjengeleg om som vi brukar i ekstraordinære tilfelle. Her tek vi ut dyr som vi med stort sannsyn veit vil halde seg i det same området og dermed volde skade på sau. Dette er eit mykje meir målretta tiltak enn å ta ut enkeltståande streifdyr, seier Vangen.