- Ja til Gjensidige Bank

Kredittilsynet rår til at Gjensidige Forsikring får løyve til å opprette telefon- og nettbanken Gjensidige Bank i Førde.

Gjensidige har endra søknaden sin etter at Kredittilsynet sa nei til å omdanne Sparebanken Sogn og Fjordane til aksjebank.

Avgrensa søknaden

I utgangspunktet skulle Gjensidige Bank etablerast i eit samarbeid der ein del av planen var at Sparebanken Sogn og Fjordane skulle bli ein aksjebank. Då dette viste seg å vere vanskeleg å få Kredittilsynet med på, avgrensa Gjensidige søknaden sin slik at nettbanken no skal etablerast uavhengig av spørsmålet om omdanning av sparebanken.

Gjensidige eig 100 prosent

Gjensidige Forsikring eig no 100 prosent av Gjensidige Bank Holding, som igjen eig 100 prosent av aksjane i Gjensidige Bank AS.

Det er Finansdepartementet som skal ta endeleg stilling til om Gjensidige Bank AS får løyve.

Parallelt med denne saka går arbeidet vidare med å få løyve til å omdanne Sparebanken Sogn og Fjordane til aksjebank.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.