I meiningsmålinga som NRK Sogn og Fjordane presentere i starten av september, sa innbyggjarane i Jølster og Gaular eit klart nei til kommunesamanslåing. Berre i Naustdal var det eit lite fleirtal for kommunesamanslåing.
Råheim har no mista trua på at det blir fleirtal for kommunesamanslåing i Jølster, Gaular, Naustdal og Førde. Og skulda legg Råheim på ja-sida sjølv. Dei har knapt løfta fingeren i samanslåingsdebatten, seier han.
Intern usemje
– Vi som har vore for, har i alle fall vore for passive, seier Råheim. Og årsaka til dette meiner han er at det har vore stor usemje kring dette spørsmålet innan dei ulike partia. Dessutan trur han at enkelte kanskje har vore redde for å flagge syn i redsle for å misse personlege stemmer.