- Dette er førebels konklusjon i ein rapport Mattilsynet sjølv har laga, seier direktør for helse og hygiene, Stein Ivar Ormsettrø. Det er avdelinga til Mattilsynet i Søndre Vestfold som har laga rapporten. - Det at det er importert kjøt med salmonella er i seg sjølv kritikkverdig, men det som har vore gjort i etterhand er det ikkje grunn til å kritisere, seier Ormsettrø.
Polsk kjøt i søkjelyset
Kjøt frå Polen, importert av selskapet Skandia Foods i Vestfold, kom i søkelyset 26. oktober då kjøtvareprodusenten Fatland i Rogaland trekte tilbake kjøtdeig på grunn av salmonella-mistanke. Salmonella var nemleg påvist i ein samleprøve av polsk kjøt hos Skandia Foods. - Vi måtte sjekke fleire parti med importkjøt før vi fann fram til kva parti som hadde smitta kjøtdeigen frå Fatland, før vi kunne seie at det var ein forbindelse med det som var sendt til Nordfjord Kjøtt, seier Ivar Ormsettrø.
Foto: Torbjørn Fardal, NRK
Nordfjord Kjøtt vart ikkje varsla
Men Nordfjord Kjøtt som også kjøper polsk kjøt via Skandia Foods vart ikkje varsla om mistanken. I avisa Nationen gjekk Ormsettrø då ut og beklaga at Nordfjord kjøtt ikkje var varsla tidlegare, og ville undersøke saka. I dag seier Ormsettrø at ingen kan klandrast for dette. - Alle har handla så raskt som dei kunne i denne saka, seier han.