Hopp til innhold

- Ingen i Florø får sparken

- Ingen vil få sparken, sjølv som 12 sengepostar ved sjukehuset i Florø blir lagt ned, seier styreleiar Klara Øberg i Helse Førde.

Clara Øberg
Foto: NRK

Styret i Helse Førde reknar med ei innsparing på 20 millionar kroner ved å legge ned 12 sengepostar ved sjukehuset i Florø.

I tillegg reknar dei med å tene pengar på sal av bygningsmassen.

Styreleiar Clara Øberg seier ho har vore i kontakt med fleire i styret i Helse Førde for å få støtte til å legge ned sjukehuset i Florø frå 1. januar. Men det vil ikkje bli fatta eit nedleggingsvedtak på styremøtet i dag, fredag 26. oktober.

- Styret vil vedta å starte arbeidet med å legge ned dei 12 sengepostane ved nærsjukehuset, forklarar ho.

Høyr: Clara Øberg om nærsjukehuset i Florø

Les meir: Legg ned nærsjukehuset i Florø