Hopp til innhold

- Inga avgjerd før neste vår

Helseministeren vil ikkje avgjera ei eventuell sentralisering av akuttmottaka i landet før til våren.

Statssekretær Kari Henriksen

Statssekretær Kari Henriksen vil ikkje ta stilling til ei eventuell sentralisering for sjukehusa i Nordfjord og Lærdal.

Det fortel statssekretær i helse og omsorgsdepartementet, Kari Henriksen.

- Bjarne Håkon Hanssen har ikkje kome med nokon løysing ennå. Han har vore rundt på ei reise i Noreg og sett på kva for forhold som kan gjerast for å få det betre for pasientane, fortel ho.

- Skuffa

Sjukehusaksjonistane i Lærdal og Nordfjord har tidlegare i dag fortalt at dei er skuffa over at helseminister Bjarne Håkon Hanssen ynskjer å sentralisera akuttmottaka i landet.

– Eg blir veldig skuffa over at han går ut med så bastante påstander så kort tid etter at han byrja i jobben, seier sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge.

Les òg: Skuffa over helseministeren

Vil betre kvaliteten

Statssekretær Kari Henriksen seier ho forstår at det er eit stort engasjement rundt det å behalde helsetilboda slik dei er i dag.

- Men det er viktig å ikkje vere så statisk at ein ikkje kan sjå på ting som kan gjerast for å betre kvaliteten på tilbodet, seier ho.

Det fortel ho at statsråden no vil ha ein gjennomgang på.

- Han vil sjå korleis ein kan finne løysingar som gir eit betre tilbod på helsetenestene, og for at det vert betre for den enkelte pasient.

Avgjerd til våren

Henriksen vil ikkje ta stilling til kor utsette dei to sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal er for ei eventuell sentralisering.

- Hanssen har ikkje kome med nokre løysingar ennå. Det vil statsråden i samarbeid med dette utvalet kome fram til neste vår, seier ho.

Henriksen fortel at helseministeren vil setje ned eit utval som skal jobba med saka utover hausten. Ei avgjerd vil fyrst verta tatt til våren.

- Utvalet skal vurdere og finne løysingar på framtidige utfordringar innanfor helse-Noreg - på ei betre måte enn vi har i dag, avsluttar Henriksen.