Arkivfoto: Sverre Horn
Kristi Vindedal, som er seniorkonsulent hos Riksantikvaren, seier at desse mest konfliktfylte prosjekta ikkje bør byggast.
- Særprega landskap
Direktoratet for Naturforvaltning og Riksantikvaren har vurdert konfliktar knytt til 52 ulike vindkraftprosjekt langs kysten. Når Vindedal meiner at Okla er blant dei som ikkje bør byggast ut, så er det fordi det er snakk om eit svært særprega landskap på Stadlandet.
- Skal få til ei løysing
Ola Lingaas er styreleiar i selskapet Vestavind Kraft AS som vil byggje vindmøllene på Okla. Han meiner dei kan få til ei løysing som tek omsyn til alle partar. - Også når det gjeld Okla skal det gå an å finne ei utforming og ei tilpassing av parken som gjer det moegeleg å realisere prosjektet. Han meiner Okla-prosjektet er heilt annleis enn Statkraft sine planar om vindmøllepark på Hoddevikfjellet, som vart stansa. - Her er parken trekt lenger tilbake, slik at den får mindre konsekvensar for Stadlandet og kolosteruinane på Selja, seier Lingaas.
- Ikkje mot vindkraft
Vindedal understrekar at dei ikkje er imot vindkraft - og viser til at tre andre prosjekt i Sogn og Fjordane, Mehuken, Gulafjorden og Bremangerfjellet har fått lågare konfliktgrad. - Med dei vurderingane vi har gjort, ligg det framleis til rette for ei miljøvenleg vindkrafturbygging langs kysten, seier ho.