Hopp til innhold

Sa dei ville høyre på kommunen - men gjorde det ikkje

NVE vedgår at det er uvanleg å overprøve kommunar sine vedtak om vindkraftutbyggingar.

Vindmøllepark

UVANLEG: NVE sa i Gulen ja til utbygging av eit vindkraftanlegg som kommunen sa nei til. Dei vedgår at det ikkje er vanleg å gå imot kommunane i slike saker. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Måndag denne veka vart det klart at NVE har gitt grønt lys til to vindkraftparkar i Gulen. I kystkommunen er reaksjonane delte, men mage rasar no mot Vassdrags- og Energidirektoratet.

For kommunestyret i Gulen sa berre ja til det eine av dei to prosjekta, og NVE blir skulda for å vere både udemokratiske og uærlege.

– Dette har vore krevjande avvegingar for oss, men totalvurderinga vår var at vi meinte løysinga med vindkraftanlegg både på Brosviksåta og Dalsbotnfjellet var best, seier seksjonsleiar NVE, Arne Olsen til NRK.no.

– Set lokaldemokratiet til side

Det er harde skuldingar som no blir sett fram mot direktoratet etter at dei tidlegare denne veka gav løyve til to vindkraftanlegg i Gulen.

Anlegga på både Brosviksåta og Dalsbotnfjellet har gått ja frå NVE, medan Sandøy vindkraftverk ikkje fekk løyve.

At NVE sa ja til Dalsbotnfjellet har overraska fleire i kommunen. Der sa nemleg kommunestyret klart nei til denne utbygginga. Eit fleirtal i kommunestyret ville bevare det urørte område, og meinte ei vindkraftutbygging ville vere eit for stort inngrep i naturen og bli for synleg.

Leiar i Gulen Venstre, Bjarte Undertun, er blant dei som no rasar mot NVE og meiner dei har sett til side heile lokaldemokratiet.

– Det er udemokratisk at dei rett og slett har sett til side lokaldemokratiet på denne måten. Utbygginga på Dalsbotnfjellet er ikkje berre det største prosjektet, men det prosjektet kommunen gjekk klarast imot, seier Undertun.

– Uærlege

Med eit ja frå NVE går det no mot 35 møller på Brosviksåta, og 39 møller på Dalsbotnfjellet. På Dalsbotnfjellet var det opphavleg planar om 50 møller, men NVE har valt å ta ut elleve av dei.

«Dette reduserer dei visuelle verknadane for nærliggande busetnad, støy og skuggekast og for naturmangfaldet i området», skriv NVE om bakgrunnen.

Ei utbygging av dei to vindkraftverka vil samla gje om lag 740 GWh med ny kraftproduksjon kvart år. Dette svarar til straumbruken til om lag 37.000 husstandar.

Undertun meiner NVE i tillegg til å vere udemokratiske, også har vore uærlege i denne saka.

– På eit folkemøte i 2012 sa seksjonsleiar Arne Olsen i NVE, på direkte spørsmål om kva dei vil gjere om kommunestyret går imot prosjekta, at NVE har slutta å gå inn for prosjekt som kommunane er imot, seier Undertun.

– Ikkje vanleg å gå imot kommunar

– Eg har sagt noko i den duren, ja, stadfestar Arne Olsen i NVE.

Likevel har direktoratet i denne saka altså valt å gå imot kommunen.

– Vi som energistyresmakt skal sikre at måla for fornybar energi kan oppfyllast. Difor har vi i dette konkrete tilfellet, etter krevjande vurderingar, kome til at den beste løysinga var begge prosjekta.

– Er det vanleg å gå imot kommunen si innstilling?

– Det er ikkje vanleg, men vi har ved eit par tilfelle tidlegare sagt ja til prosjekt der kommunar har vore imot, seier Olsen.

Vil klage

I Gulen er Venstre-politikar Undertun klar på at kommunen må klage.

– Om vi som kommunestyre har noko som helst form for sjølvrespekt må vi sjølvsagt gå inn for å klage på dette vedtaket.

Ordførar Halvard Oppedal (Sp) sa til NRK.no måndag at det blir opp til kommunestyret om dei skal klage på vedtaket.

Olsen seier dei vil gjere sine vurderingar ved ei eventuell klage, før den blir vidaresend til Olje- og energidepartementet som vil handsame klagen.