Politiet i Stryn trur derimot det dreier seg om eit enkelttilfelle, og viser til ei fersk rusundersøking. Der seier 94 prosent av dei som har svart ved ungdomsskulane i Stryn og Olden og vidaregåande i Stryn at dei aldri har prøvd noko form for narkotika.
Første dødsfall
Anestesilege Rune Arild Larsen. Foto: NRK
Det er første gong nokon har døydd av å sniffe lightergass i Sogn og Fjordane, opplyser politiet. Den kortvarige rusen varer i kring 10 sekund. Men det er svært farlege sekund, fortel anestesilege Rune Arild Larsen på Førde sentralsjukehus.
- Det er veldig farleg. Inhalasjon av lightergass og formfeitt virkar på same måten, og vi ser dessverre ein del av det. Ein kan få rytmeforstyrringar på hjartet, og det kan komme som lyn frå klår himmel. Det er ikkje slik at jo meir rusa enn er, jo farlegare er det. Det kan komme heilt utan varsel, og det er veldig farleg, seier Larsen.
Arbeider med førebygging
Stryn kommune har arbeidd aktivt for å førebygge rusmisbruk blant unge. I dag la dei fram ein ny rapport gjort ved skulane. I snitt har litt over 30 prosent av elevane svart på undersøkinga, men det dei har svart tyder på at narkotikamisbruken har gått kraftig ned, seier barneverns- og sosialleiar i Stryn, Ann Magritt Grip.
- Undervurderar faren
Politibetjent i Stryn og skadestadsleiar i går, Tor Egedahl, trur at dei fleste unge er kjent med skadeverknadane av å sniffe lightergass. 19 år gamle Kjell Øystein Netland er ordførar i Ungdommens Kommunestyre i Stryn, han er ikkje einig med politibetjenten.
- Eg trur mange undervurderar kor farleg det er, og dei veit ikkje om alle konsekvensane slik bruk kan gje, seier Netland.