- Eg var på Riverside heile kvelden, sa ho i retten. Ho såg at 42-åringen drakk vidare på Riverside, men meiner ikkje at nokon av dei var spesielt mykje fullare enn andre.
Ho såg 42-åringen sist klokka halv to om natta inne på Riverside .
- Eg meiner han ikkje var så rusa den dagen. Vi drakk alle av ølet vi hadde heime. Og ute så hadde ikkje han pengar, så han kunne ikkje kjøpe så mykje.
Høyrdest ikkje rusa ut
Aktor Jogeir Nogva. Teikning Elin Fagertun.
Søskenbarnet tok drosje tilbake til Gaular, saman med bror sin, som også var på festen. Tiltalte var ikkje med i drosja. Men morgonen etter høyrde ho tiltalte rope namnet hennar medan ho enno var i senga. Ho let då som om ho sov, for ho ville sove vidare sjølv, og ville ikkje ha besøk.
- Då han ropte, høyrdest han ikkje spesielt rusa ut, fortel kvinna. Klokka 0920 skulle ho stå opp. Då hadde tiltalte vore der og gått igjen, sa kvinna, som var kalla inn som vitne av aktoratet.
Likna ikkje "Haikaren"
På spørsmål frå Blikra om han likna på "Haikaren" svarte ho at han ikkje likna.
- Teikninga liknar på ein annen person, forklarte ho.
I det andre avhøyret ho var i, fekk ho sjå bileta av haikaren.
- Hårlengda likna ikkje på biletet, skal ho ha forklart.
Men ho hugsa ikkje detaljane i retten i dag, og Blikra måtte hjelpe henne med å sitere frå politiforklaringa.
På spørsmål frå Blikra sa ho at ho aldri har sett 42-åringen sint eller aggressiv.
- Tek han eit nei for eit nei?
- Ja det gjer han.
- Har du sett han både til kvardag og fest?
- Ja.
- Og du har ikkje lagt merke til noko unormalt?
- Nei.