Hopp til innhold

- Ikkje noko mål å trekkje ungdom

- For reiselivet i Sogn er det ikkje noko mål å satse på ungdomar. Det seier styreleiar i Visit Sognefjord, Arne Glenn Flaten.

Flåmsbanen
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Han er ikkje overraska over at fire av ti norske ungdomar ikkje har høyrt om Flåmsbana.

- Vi satsar i hovudsak på den utanlandske marknaden, seier han.

- Bortkasta pengar

Det var i går at rektor ved Norsk reiselivshøgskule, Trond Blindheim, gjekk ut og sa at reiselivet i Sogn og Fjordane berre kan gløyme å satse på ungdom

- Kvar kroner som vert brukt for å få ungdom til Sogn og Fjordane, er ei bortkasta krone. Ungdom er opptekne av andre ting. Ingenting kan konkurrere med syden-operatørane sine påkosta, glansa og glorete katalogar, sa han. 

Utlendingar i fokus

No får han støtte frå leiaren i Visit Sognefjord. Det er ein samarbeidsorganisasjon for reiselivsbedrifter i Sogn. Han har ingen problem med å vedgå at for dei er utanlandske turistar i fokus, men Flåten ser ikkje vekk frå at ein vil satse tyngre på heimemarknaden i framtida.

- Sogn og Fjordane kan vere eit stort reisemål for ungdom, men det har seg slik at vi må finne ein marknad å satse skikkeleg på. Og no er det den utanlandske marknaden vi satsar på, seier han. 

Nordfjord satsar på unge 

Men i Nordfjord er ein ikkje einig i at berre utlendingar er vegen å gå. Dagleg leiar i Reisemål Stryn og Nordfjord, Jens Christian Skrede, seier dei satsar bevisst mot ungdom og at det har vore vellukka

- Vi satsar på aktivitetar og marknadsføre Nordfjord som ein aktivitetsregion, seier han.

Mange aktivitetar

Sommarskisenteret på Strynefjellet
Foto: Torje Bjellaas / NRK

 Skrede kjenner seg ikkje att i Blindheim sin påstand om at det ikkje skal vere vits i å satse på å trekke ungdomar til fylket.

- I min region har vi til dømes sommarskisenteret, brevandring og surfing på Stad. I tillegg er det mange festivalar i heile fylket i sommarhalvåret, så dette tykkjer eg at er ein flåsete påstand, seier han.