Hero vedgår at Årdal mottakssenter vart fylt opp med 150 asylsøkjarar vel fort

Administrerande direktør Tor Brekke i Hero Norge AS vedgår at det ikkje var ideelt at asylmottaket i Årdal vart fylt opp så fort.

Tor Brekke

TRENG HJELP FRÅ ÅRDAL: Adm. dir. Tor Brekke i Hero Norge AS.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Mottaket kom i gang på ein fin måte, rett nok kom det mange fort, og det er ei spesiell utfordring. Det er ikkje ideelt at det vart fylt opp så fort, seier han.

Måndag ettermiddag vart heile landet skaka av det som skjedde på Valdresekspressen på Holsbru, der ein asylsøkjar frå Årdal mottakssenter drap alle dei tre andre som var i bussen.

I løpet av kort tid kom 150 asylsøkjarar til Årdal, og no er altså den eine av dei blitt trippeldrapsmann. Brekke seier dei no har hendene fulle med å roe ned og støtte dei 149 andre på mottaket, som er spreidd på ei lang rekkje hus både i Øvre Årdal og Årdalstangen.

– Djupt fortvila og redde

NRK hadde i går intervju med nokre av asylsøkjarane i Årdal. Mange av dei er redde for at årdølene skal hemne seg på dei for det som skjedde på Holsbru.

– Eg er i sjokk. Dette er frykteleg vondt. Og så er det så synd, for det fører til at alle vi som er asylsøkjarar, får eit dårleg rykte, sa ein kvinneleg asylsøkjar.

– Mange av dei er redde, dei er djupt fortvila, dei er sinte, dei er rysta over det som har skjedd. Dei er fortvila over at dette var slik dei kjenner det, ein av dei som stod bak drapa, seier Tor Brekke.

No er dei redde for at den dramatiske hendinga på Valdresekspressen måndag ettermiddag vil råke dei 149 andre asylsøkjarane i Årdal, seier Brekke.

– Dei er veldig usikre og redde og lurer på korleis det blir for dei å bu i Årdal framover.

– Kva gjer de i Hero for å roe dei og motverke denne redselen?

– Vi held i dag fram med det informasjons- og oppfølgingsarbeidet vi starta i går. Vi er rundt i alle hus og snakkar med dei, tek imot reaksjonar og prøver å forklare kva som skal skje framover.

Lys for dei drepne

- KJEM FRAM MYKJE FLOTT: Hero-sjefen rosar årdølene for å ha teke godt imot asylsøkjarane og for fornuftige reaksjonar på drapssaka.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Treng hjelp frå alle gode krefter

Tor Brekke seier at dei er avhengige av hjelp frå beredskapsapparatet til Årdal kommune.

– Der blir det arbeidd veldig godt. Vi treng hjelp av alle gode krefter i Årdalssamfunnet for å klare å kome oss vidare. Det er tidleg enno, og vi forstår at det er sterke kjensler på alle hald.

– Er frykten asylsøkjarane kjenner reell? Har du fått noko inntrykk av korleis innbyggjarane i Årdal har reagert på det som har skjedd?

– Det er tidleg å seie noko om det, men det vi observerer er at det kjem fram veldig mykje flott, når først tragedien skjer. Mange står fram og tek leiarskap, vi er veldig glade for den rolla ordføraren har spela, det same kan seiast om beredskapsapparatet, brannvesenet og politiet.

– Mykje hatefullt på sosiale medium

Men på den andre sida har Brekke også fått med seg negative reaksjonar.

– Så ser vi også at i sosiale medium er det mykje hatefullt, og det er alltid trist å sjå.

Tor Brekke forstår at mange i Årdal var skeptiske til eit mottak med så mange asylsøkjarar, eit mottak som vart etablert mot årdølene sin eigen vilje.

– Det er ikkje vanskeleg for oss å forstå det. Vi i Hero driv 34 asylmottak over heile landet og har drive med dette i 26 år. Vi kjenner kva skepsis og uro som rører seg når det er snakk om asylmottak.

Mange på ein gong

Men han meiner Årdal har teke svært godt imot asylsøkjarane.

– Det har vore ein god prosess i Årdal, det har vore arbeidd med etableringa over lang tid, og innbyggjarane har fått god tid til å venne seg til tanken. Det kom i gang på ein fin måte, rett nok kom det mange fort, og det er ei spesiell utfordring. Det er ikkje ideelt at det vart fylt opp så fort, men vi har likevel inntrykk av at dei vart tekne godt imot.