Hopp til innhold

- Ikkje godt nok budd på attentat

Generalsekretær i Helsingforskomiteen, Bjørn Engesland, seier det norske politiet ikkje er godt nok budd på politiske attentat.

Politi

Illustrasjon

Foto: Fjeldstad, Knut, Knut Fjelstad / SCANPIX

Søndagsrevyen fortalde i går om tsjetsjenske Ali Israilov som bur på hemmeleg adresse i Sogn og Fjordane.

SJÅ: - Dei vil ta meg også

- Ikkje godt nok budde

Han er mellom 5 og 6 000 tsjetsjenarar som bur i Norge i dag. Fleire tsjetsjenarar fryktar at styresmaktene i heimlandet vil drepe dei. Engesland er også redd for at det kan skje.

- Vi er truleg ikkje godt nok budde nok til å gje nokre av dei som bur i landet vårt, den beskyttelse dei har behov for, seier han og presiserer at dette er eit ansvar som kviler på norsk politi.

- No vil dei ta meg

Sonen til Israilov, Umar, vart drepen på gata i Wien 13. januar. Dette var truleg fordi han ville fortelje om overgrep frå styresmaktene i Tsjetsjenia. I 2006 leverte han og faren Ali ei stevning til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Dei var torturert av den noverande presidenten, Ramzan Kadyrov.

- Dei har rydda Umar av vegen, no vil dei også ta meg, sa Israilov på Søndagsrevyen.

- Vi er klare

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, seier saker som denne med Israilov ikkje er kvardagskost.

- Det er sjølvsagt ei utfordring, men det er også oppgåver som politiet må ta om dei skulle dukke opp, seier han. Brekke meiner politiet i distriktet skal klare å ivareta tryggleiken for dei som kan bli utsette for politiske attentat.

- Set i verk tiltak

- Då føretek vi ei risikovurdering i høve det vi veit av fakta. Vi konsulterer gjerne PST sentralt og set i verk tiltak kring vedkommande, seier han.

Politiet skjerpa i januar i år tryggleiken kring ein tsjetsjensk familie i Florø som kjenner seg truga etter at den russiske menneskerettsadvokaten Stanislav Markelov vart skoten og drepen på opa gate i Moskva.