Hopp til innhold

- Ikkje ei krone for mykje

Bondelagsleiar aksepterer tilbodet frå staten på over halvannan milliard kroner.

Per Hilleren
Foto: Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag

Tilbodet frå staten er rekordhøgt, men det er likevel under halvparten av det bøndene krevde.

- Tilbodet måtte vere så høgt for at viskulle setje oss til forhandlingsbordet. Det er ikkje ei krone for høgt, seier Per Hilleren, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Vil ikkje spekulere

Det har vore harde forhandlingar internt i regjeringa om denne saka.

NRK har fått bekrefta at tilbudet er på over 1,5 milliarder kroner. Det opprinnelege kravet frå bøndene var på 3,3 milliardar kroner.

- Kor godt må sluttresultatet vere for at de godtek det?

- Det vil eg ikkje spekulere i, seier Hilleren.

- Er dette eit godt forhandlingsgrunnlag?

- Det svekkjer ikkje forhandlingsgrunnlaget.

Samde på overtid

I fjor enda jorbdbruksoppgjeret med et resultat på 975 millionar kroner til bøndene etter eit opprinneleg krav på 2,1 milliarder.

Tilbodet som vert offentleggjort i dag kjem langt på overtid.

- Kva tykkjer du om drakampen i regjeringa?

- Her er vel nokre parti som har prøvd å halde att, og det har vore ein drakamp der dei ikkje har blitt samje om kvar dei skal leggje seg, seier Hilleren.