NRK Meny
Normal

- Ikkje bygg ut Sandalsfossen!

Fylkesmannen seier nei til utbygging av Sandalsfossen og Timbervadfossen i Myklebustdalen i Gloppen.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesedal
Foto: NRK

Både Gloppen kommune og fylkesutvalet har gått inn for planane.

- Ein av dei flottaste fossane

Men fylkesmiljøvernsjef, Nils Erling Yndesdal meiner Sandalsfossen er ein av dei flottaste fossane i fylket.

- Vi meiner at utbygginga av desse fossane er i konflikt med allmenne interesser, det vil seie naturinteresser, friluftsinteresser, landskapsinteresser og geologiske intresser.

- Viktige geologiske verdiar

Fylkesutvalet og kommunestyret i Gloppen har tidlegare gitt positiv tilråding, men Fylkesmannen har kome fram til ein annan konklusjon. Ifølgje fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal er mykje av grunnen omsyn til landskapstilhøva..

- Det er spesielle og regionale interesser knytta til dette området, spesielt ein veldig flott foss, det er geologiske verdiar der som er så viktige at dei eigentlig burde vore med i Jostedalsbreeen nasjonalpark. Redusert vassføring i fossen er heilt klart uheldig og bør heilt klart unngåast.

- Synd

Jostein Bergheim, som er talsmann for søkjarane, synest det er synd at Fylkesmannen går imot planane.

- Nei, det er klart at det er negativt for saka, di fleire som er positive di lettare kan det vere å få konsesjon, vil eg tru.

- Godt prosjekt

- Men har de mista motet?

- Neidå, på ingen måte, no har jo både Gloppen kommune og fylkesutvalet sagt ja, så det styrkjer no saka etter vårt syn. Vi meiner dette er eit godt prosjekt som vil gje mykje straum, det vil vere med på å styrkje både næringsgrunnlaget og busetnaden her i grenda.

- Trur NVE høyrer på oss

Men fylkesmiljøvernsjef Yndesdal trur NVE vil lytte til deira råd.

- No er det jo sjeldan Fylkesmannen frårår utbygging av småkraftverk, men vi har tillit til at NVE lyttar til synet Fylkesmannen har i slike saker.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.