Hopp til innhold

- I kveld doblar Gulen folketalet

Utkantfestivalen i Skjerjehamn ser ut til å gå på ein knusande publikumsrekord i år.

Festivalcampen på 100x300 meter er så godt som full og i hamna ligg båtane tett i tett.

- Fantastisk er vel rette ordet, seier ein oppglødd festivalsjef, Viggo Randal, etter at dei to første festivaldagane er over.

Ny rekord

Torsdag trekte Ole Paus og Bergen Mandolinband kring 400 publikumarar til Pakkhuset. Laurdag kom 1 800-1 900 for å sjå mellom andre Veronica Maggio og The Cumshots.

- Det er suverent. Det blir publikumsrekord i år. Vi kjem til å lukte på 5 000 besøkande. Det vil vere 2 000 i pluss i høve til fjoråret. Og då hadde vi ein veldig dårleg fredag, men ein god laurdag, seier Randal.

Doblar folketalet

I 20-tida fredag kveld telde Randal 170 båtar i båthamna som tek 50 båtar. Ikkje alle overnattar i hamna.

Ein del lokale båtentusiastar køyrer båten til og frå kaien i Skjerjehamn.

- I går kveld låg det åtte-ti båtar utanfor kvarandre. Det er veldig god stemning her. No er det ein ny dag, og vi skal snart i gang med meir musikk. Eg er ganske sikker på at Gulen i kveld vil doble folketalet på 2 291, seier ein oppglødd festivalsjef.

God start

Utkantfestivalen såg dagens lys i 2007 i samband med avdukinga av Knut Steen si statue av Olav V. I år er oppunder 100 funksjonærar i sving for festivalen.

Allereie første festivaldag såg Randal konturane av det som etter alle solemerke blir ein ny rekordfestival. Ole Paus og Bergen Mandolinband opna det heile i Pakkhuset.

- Det var ei fantastisk stemning. Ole Paus er ein utruleg entertainer. At han klarer å få nær 400 menneske til å sitte nesten knyst stille er ein prestasjon. Mandolinbandet skrudde stemninga opp nokre hakk, seier han.

Rakk ikkje flyet

Torsdag klarde ikkje Vinnie & co i Paperboys å komme seg med flyet frå Tromsø. Dermed steppa Ralph Myers & The Jack Herren Band inn.

- Det er alltid dumt med kanselleringar, men slikt rår vi ikkje over. Dei som kom kun for å sjå Paperboys fekk refundert billettpengane. Det var den totale mengda av fire personar, fortel Randal og meiner at dei som var att fekk oppleve tidenes party i Gulen.

Unikt publikum

Svenske Veronica Maggio spelte som første artist for over 1 000 menneske. Sidan kom publikum sigande på.

- Det er ganske kult med så mange til første artist. Og unikt at same publikumet vart att for å sjå Cumshots. Det er jo noko meir hardtslåande. Med Bjørn Hellfuck tok det fullstendig av, seier Randal.

Laurdag kveld skal følgjande artistar spele i Skjerjehamn: Mhoo (Pakkhuset), Samora, Bergtatt, John Olav Nilsen & Gjengen, Hanne Vatnøy (Pakkhuset), Skambankt, Ralph Myerz & The Jack Herren Band, The Grand (Pakkhuset).